Formannskapsdistrikt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Formannsskapsdistrikt var ei administrativ eining som blei innført i Noreg gjennom formannskapslovene av 14. januar 1837. Det blei då oppretta 373 formannskapsdistrikt.

I følgje § 1 av formannskapslovane skulle kvart prestegjeld i landet no utgjera eit eige formannskapsdistrikt. På denne måten blei den kyrkjelege inndelinga av landet òg avgjerande for den verdslege delinga og styringa.

Matrikkelloven som kom i 1853 innførte nemningane kommune og herad (herredbokmål) som erstatning for formannskapsdistrikt.

100 år etter at formannskapslovene blei innført, i 1936, var det 682 herad (landkommunar) og 65 bykommunar i Noreg. Blant byane hadde 43 status som kjøpstad og 22 som ladestad.