Formant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Formant er særskilde tonar og tonegrupper som gjev dei einskilde talelydane karakteren deira og klangfarge, særskild vokalane. Det er formantar som lagar skilnaden på a, e, i, o osv., sjølv om desse vokalane blir uttalt eller blir sunge med same tonehøgd. Nokre formantar er faste, dei formar klangen av til dømes vokalen a sjølv om den lyden blir sunge i ulikt tonehøgd og av ulike røyster. Andre formantar er rørlege og er avhengige av grunntonen i stemma. A, o og å har vesentleg lågfrekvente formantar. E, i og y er rike på høgfrekvente, ljose formantar.

Nemninga formant brukast òg i samband med klangen frå musikkinstrument.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]