Formfaktor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Formfaktor er ei nemning som blir brukt i fleire tydingar i fysikken.

I elektrisitetslæra er formfaktoren for ein vekselstraum eller ein vekselspenning tilhøvet mellom effektivverdien av straumen eller spenninga og middelverdien over ein halv periode. Ved sinusforma straum er formfaktoren 1,11.

I atom- og kjernefysikk er formfaktoren ei nemning på ein funksjon som angjev korleis den elektriske ladningen (elektrisk formfaktor) og det magnetiske moment (magnetisk formfaktor) er fordelt inne i atomet eller kjernen. I ein kjernereaktor angjev formfaktoren tilhøvet mellom den maksimale og den midlarane effekttettleiken i reaktoren.

I mekanisk teknologi i samband med pakningar, opplagringselement og liknande er formfaktoren tilhøvet mellom arealet av den belasta flata og den eller dei ikkje-belasta flatene (sideflatene). Formfaktoren er avgjerande for kor mykje pakninga (t.d. av gummi) vil bule ut på sidene ved belastning og dermed for den tilsynelatande stivleiken deira.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]