Formstøyping

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Formstøypt bronsestatue av eit eple. Prosessen er vist under teksten.

Formstøping, fransk cire perdue, engelsk lost wax, tysk feinguss, er ein støypeteknikk der forma vert øydelagt etter bruk.

Først vert det laga ei voksform av ein figur. Denne forma vert støypt inn i gips. Når gipsen har stivna, kan voksen varmast opp slik at han renn ut. Deretter vert smelta metall helt inn i hulrommet der voksfiguren var. Når metallet har stivna er figuren ferdig. Gips kan berre nyttast ved støyping av metall med låg smeltetemperatur, til dømes bronse eller gull.

[endre] Kjelder

[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk