Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (forkorta FAD) er eit norsk departement som vart formelt oppretta 1. januar 2006.

Departementet fekk ved opprettinga ansvaret for saksfeltet til det tidlegare Moderniseringsdepartementet, i tillegg til nordisk samarbeid. Departementet sitt hovudfokus er modernisering av offentleg sektor, konkurranse i næringslivet, kyrkje, minoriteter og IT. Departementet har eit samla ansvar for konkurransepolitikken, koordinering av Informasjonsteknologipolitikken for heile samfunnet, kyrkja, kongehuset, nasjonale minoriteter, leiarutvikling, organisasjonsutvikling og omstilling i statsforvaltinga, servicefunksjonar for departementsfellesskapet og statleg sektor generelt. Departementet har arbeidsgjevaransvar for statstilsette.

Innhaldsliste

Historikk [endre]

Moderniseringsdepartementet vart oppretta den 1. oktober 2004. Arbeids- og administrasjonsdepartementet ogNærings- og handelsdepartementet hadde før dette ansvaret for saksområda.

Endring av departementet frå 1.1.2010 [endre]

Regjeringa Stoltenberg II har bestemt at kyrkjesakene skal flyttast frå Kultur- og kyrkjedepartementet til Fornyings- og administrasjonsdepartementet med verknad frå 1.1.2010. Namnet på departementet blir då Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Politisk leiing [endre]

Rigmor Aasrud frå Arbeidarpartiet er frå 20. oktober 2009 statsråd og sjef for departementet.

Nynorsk namngjeving av departementet [endre]

Dagen etter at eit oppslag på nynorsk.no (18.10.05) kritiserte namnet på «Fornyelsesdepartementet» for å ikkje vere nynorskvenleg, slo dåverande nyutnemnde fornyingsminister Heidi Grande Røys, som kjem frå Sogn og Fjordane, fast at namnet på departementet skulle vere fornyingsdepartementet uansett målføre. (Kjelde 1 og 2)

Bakgrunnsstoff [endre]

Kjelder [endre]

  1. Nynorsk.no - Endra departementsnamn for å bli meir nynorskvenleg
  2. Nynorsk.no - Og namnet vart fornyingsdepartementet