Forollhogna
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Forollhogna | |
|---|---|
|
|
|
| Høgd over havet | 1332 m |
| Ligg i/på | Sør-Trøndelag og Hedmark |
| Primærfaktor | 700 m |
| Koordinatar | Koordinatar: |
Forollhogna er eit fjell på 1332 moh., som ligg på grensa mellom Os kommune i Hedmark og Midtre Gauldal kommune og Holtålen kommune i Sør-Trøndelag. Fjellet ligg vest for Forollsjøen, og utgjer den sentrale og høgastliggande delen av Forollhogna nasjonalpark.
Sjølv om hogna ikkje er høgare enn 1359 meter, er den spisst kjegleforma toppen særs godt synleg der han stikk opp over fjellvidda, og vart for ein pilegrim sjølve merket på siste rast fram mot Nidaros. I dag er fjellet vegvisar til nasjonalparken av same namn.