Forres

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Forres

skotsk-gælisk Farrais
High Street i Forres
High Street i Forres
Plassering
Forres is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region Moray
Tradisjonelt grevskap Moray
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

8 967
Koordinatar 57°36′″N 3°37′″WKoordinatar: 57°36′″N 3°37′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer IV36
Telefon-retningsnummer 0 1309
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Forres

Forres (skotsk gælisk Farrais) er ein by i regionen Moray i Skottland. Han har kring 9000 innbyggjarar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Forres har vakse særs i dei seinare åra og har no over 9 000 innbyggjarar. Staden ligg på ei flate mellom elva Findhorn og dei skogkledde skråningane mot Cluny og Sanquhar Hills. Forres er kjent for sine prisvinnande blomsterskulpturar.

Forres var eit viktig knutepunkt for jarnbana Highland Railway. Å reise gjennom Forres var ein gong den raskaste ruta for å nå Inverness frå sør.

Stiftinga Findhorn Foundation er eit internasjonalt andeleg samfunn som ligg i Forres. Det vart grunnlagt i 1962 og er enno populært hos andelege søkjande menneske. Det er ein liten butikk som sel andelege og keltiske bøker, forutan organisk mat og drikke som Kelpoe Seaweed (øl).

Parlamentarisk burgh[endre | endre wikiteksten]

Forres var ein parlamentarisk burgh som saman med Inverness, Fortrose og Nairn vart Inverness Burghs valkrets for det britiske Underhuset (House of Commons) frå 1708 til 1801, og Det sameinte kongerike frå 1801 til 1918. Valkretsen vart oppløyst i 1918 og kretsane Forres og Nairn vart slått saman til den nye valkretsen Moray og Nairn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det har vore spekulert på om Forres kan vere staden «Varris» som Klaudios Ptolemaios teikna inn på eit kart over det landet romarane kalla Caledonia (dagens Skottland) for bortimot 2 000 år sidan. Det var ei kongeleg festning her frå år 900 e.Kr og rundt 1140 vart det ein kongeleg burgh. Burgher vart grunnlagt av dei skotske kongane på 1100-talet for å oppmuntre handel og økonomisk vekst. Det lokalet kloster, som var eit lokalt senter for vekst, fekk eit kraftig knekk då den frykta krigarhøvdingen som vart kalla for «Ulven frå Badenoch», det vil seie Alexander Stewart, 1. jarl av Buchan, plyndra og herja staden på midten av 1300-talet. Forres var saman med Dunkeld den staden som dei skotske kongane i byrjinga av mellomalderen budde i lengre tid.

Den 23. juni 1496 tildelte kong Jakob IV av Skottland eit kongeleg charter som oppretta rettane og privilegia for byen, men ein trur at byen har hatt eit tidlegare charter sidan regimet til kong David I av Skottland, 300 år tidlegare.

Byen er òg lokaliseringa for Suenos stein, ein stor, uthogd bauta på 6,5 m som truleg er reist av piktarar som eit minne mot kanskje norske vikingar eller invaderande skottar.

Festninga Brodie Castle ligg i nærleiken av byen, og William Shakespeare-skodespelet Macbeth plasserte festninga til den historiske kongen Mac Bethad mac Findláich (Macbeth av Skottland) her, men det er få om nokre historiske bevis for at det er tilfelle.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]