Forrest Towns

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Forrest Towns

Statsborgarskap USA
Fødd 6. februar 1914
Fitzgerald
Død

9. april 1991 (77 år)
Athens i Georgia

Yrke friidrettsutøvar
Høgd 188 centimeter
Forrest Towns på Commons

Forrest Grady Towns (6. februar 19149. april 1991) var ein hekkeløpar frå Georgia i USA.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Forrest Towns spelte amerikansk fotball i ungdommen, og fekk koma inn på University of Georgia med fotballstipend. Towns utvikla ei spesialisering innan hekkeløp, og han vann 60 hekkeløp på rad frå 1935 til 1937. Forrest Towns vart også den fyrste frå Georgia som fekk vera med på ein OL-tropp frå USA. Under sommar-OL 1936 i Berlin sette han ny verdsrekord på 110 meter hekkeløp med 14,1 sekund, og han vann olympisk gull på 14,2. Kort tid etter leikane, i Oslo, forbetra Towns sin eigen verdsrekord på 110 meter hekk til 13,7 sekund. Denne rekorden vart ståande til 1950.

Etter college-tida vart Forest Towns tilsett som friidrettstrenar ved University of Georgia og beheldt denne stillinga fram til 1975. Forrest Towns vart tildelt Bislett-medaljen i 1990 som ein av ni utøvarar med historiske resultat på Bislett stadion. I tillegg fekk han ein friidrettsbane ved universitetet i Georgia oppkalla etter seg.

Forrest Towns døydde i Athens i Georgia 9. april 1991.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]