Forrestal Range

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 83°00′S 049°30′W
Forrestal Range
fjellkjede
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Coats Land
 - koordinatar 83°00′S 049°30′W
Lengd 1,5 km
Administrert under Antarktistraktaten
Forrestal Range is located in Antarktis
Forrestal Range (Antarktis)

Forrestal Range er ei stort sett snødekt fjellkjede aust for Dufek Massif og Neptune Range i Pensacolafjella i Antarktis. Ho vart oppdaga og fotografert den 13. januar 1956 på ein flytur over kontinentet under Operasjon Deep Freeze frå McMurdo Sound til Weddellhavet og attende.[1]

Ho vart namngjeven av US-ACAN etter USS «Forrestal», det første store hangarskipet til U.S. Navy. Heile Pensacolafjella vart kartlagde av USGS i 1967 og 1968 frå flyfoto tekne av U.S. Navy i 1964.[1]

Fjell i fjellkjeda[endre | endre wikiteksten]

  • Abele Spur er ein utstikkar vestover frå Mount Lechner mot Herring Nunataks. Det vart namngjeve av US-ACAN etter forslag frå Arthur B. Ford etter Gunars Abele, ein sivilingeniør for US Antarctic Research Program i 1973-74 (USARP)-CRREL under kartlegginga av området.[2]
  • Blount Nunatak er ein nunatak, 1630 moh, 6 km sørvest for Mount Lechner på vestsida av Forrestal Range. Det vart oppdaga og fotografert den 13. januar 1956 under ein flytur over kontinentet under Operasjon Deep Freeze frå McMurdo Sound til Weddellhavet og attende. Det vart namngjeve av US-ACAN etter Hartford E. Blount, flymekanikar under Operasjon Deep Freeze, 1956.[3]
  • Cooke Crags er fjellknausar i isfalla mellom Henderson Bluff og Mount Lechner på vestsida av Lexington Table. Området vart kartlagd av USGS frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1956-66. Det vart namngjeve av US-ACAN i 1979 etter James E. Cooke, ein geofysikar som arbeidde i Forrestal Range og Dufek Massif, 1978-79.[4]
  • Mount Lechner er eit fjell på 2030 meter over havet på sørvestenden av Saratoga Table. Det vart kartlagd av USGS frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1956-66. Det vart nangjeve US-ACAN etter Ralph C. Lechner, USA, som var luftbrukoordinator i Antarktis, 1964-66.
  • Watts Summit er ein fjelltopp på 1785 moh i det sørvestlege hjørnet av Lexington Table. Han vart kartlagd av USGS i 1967 frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy 1964. Toppen vart namngjeven i 1979 av US-ACAN etter Raymond D. Watts, ein geofysikar som arbeidde i Forrestal Range og Dufek Massif, 1978-79.[5]
  • Mount Zirzow er eit fjell på 1615 moh, 6 km nord for Mount Mann på austkanten av Lexington Table. Det vart kartlagd av USGS frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1956-66. Det vart namngjeve av US-ACAN etter offiser Charles F. Zirzow som var assisterande stabssjef i Antarktis, 1966-67.[6]

Platå[endre | endre wikiteksten]

  • Lexington Table er eit høgt, flatt, snødekt platå kring 25 km langt og 15 km breitt like nord for Kent Gap og Saratoga Table. Det vart oppdaga og fotografert den 13. januar 1956 under ein flytur over kontinentet under Operasjon Deep Freeze frå McMurdo Sound til Weddellhavet og attende. Det vart namngjeve av US-ACAN etter USS «Lexington» frå 1926, eit av dei første store hangarskipa i U.S. Navy.[7]
  • Saratoga Table er ie høgt, flatt, snødekt platå, 13 km langt og 10 km breitt, som ligg sør for Kent Gap og Lexington Table. Det vart oppdaga og fotografert den 13. januar 1956 under ein flytur over kontinentet under Operasjon Deep Freeze frå McMurdo Sound til Weddellhavet og attende. Det vart namngjeve av US-ACAN etter USS «Saratoga» frå 1926, eit av dei første store hangarskipa i U.S. Navy.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Forrestal Range». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:5144. Henta 19. oktober 2012. 
  2. «Abele Spur». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:17. Henta 11. januar 2013. 
  3. «Blount Nunatak». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:1545. Henta 11. januar 2013. 
  4. «Cooke Crags». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:3083. Henta 11. januar 2013. 
  5. «Watts Summit». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:16319. Henta 11. januar 2013. 
  6. «Mount Zirzow». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:16953. Henta 11. januar 2013. 
  7. «Lexington Table». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:8790. Henta 11. januar 2013. 
  8. «Saratoga Table». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:13295. Henta 11. januar 2013. 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Forrestal Range» (innhald frå Geographic Names Information System).