Forstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Forstad er eit omgrep for tett busetjing i utkanten av ein by. Dei fleste forstader i større byar har vore små landsbyar som gradvis har blitt slukte av den veksande byen. Andre forstader kan ha vore danna som eigne drabantbyar utanfor byen, som så har vakse. I motsetnad til sjølvstendige småbygder er ein forstad sosialt og kulturelt grodd saman med den nærliggjande storbyen, men han har likevel gjerne eit eige sentrum.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.

Etter at bilen vart allemannseige og vegnettet ikring byane vart utbygde, har det vore ein særskilt oppbloming av forstadslivet. Dette gjelder frå etterstridstidi og fram mot 60- og 70-talet. Det heng i hop med mogleiken til å pendle over større avstander enn før, samstundes med at ljos og luft hadde førebyggande effekt på sjukdomar/helse. Noko som gjer at spesielt bornefamilier har trekkt seg ut av byområdane, saman med ein lågare etaberlingskostnad.


Ymse om forstad[endre | endre wikiteksten]

I mange tilfelle er forstadslivet sett på som tafatt og mindre kulturelt. Dette kan skuldast vantande lokal identitet, eller eit livsmønster prega av bilkjørsle og varemagasiner. Det modernistiske idealet for byplanen var særs utbreidd i perioden då forstadane voks fram. Det er ikkje mange tilfelle av forstadsutbygging i klassisk byplanstil, då det vart sett på som gamaldags og umoderne. Det var den moderne byen med punkthus og bilkøyring som sette dagsorden for utbygginga (blokk og motorveg). Til dømes er Høje-Tåstrup utanfor København eit forsøk på klassisk urban oppbygning av ein forstad, medan Gellerup-parken utanfar Århus er eit typisk modernistisk forstadsprosjekt. I nyare tid, etter post-modernismen, er ein gått delvis ifrå den barske modernismen, og ein hentar meir inspirasjon frå tettbygde bustadfelt. Ein forsøker å byggje opp tette kjernar av busetjing kring forstadmidten for å styrke lokal identitet og betre forstadens rolle i bysamfunnet.

Forstad eller by[endre | endre wikiteksten]

I dagens byplandebatter går ein gradvis over til å nytta omgrepet by-region framfor einskilde byar. Det er i mange høve ikkje lenger so at ein kan skilja byar, land og forstader frå kvarandre når ein diskuterer kulturlandskap og bysamfunn. Byene vert for store, og tek til seg atskillege forstader, og anna rural mark. Somme stader vil to eller fleire byar av stort omfang vekse saman, og danna eit felles bysamfunn. I desse døma vil ikkje noken av dei leiande byane kunne gjere dei andre til forstad, men heller gro til ein sameksistens med fleire polar. Moderne livsmønster med IT-teknologi, effektiv infrastruktur og mobil arbeidsstryke gjer det mogeleg for heile regionar å operere som ein einskild byregion. Gode døme for byregionar finn ein i Holland, som t.d Amsterdam-Utrecht, eller over den Svensk-Danske grensa med Roskilde-Københamn-Malmö.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Bergen: Nesttun

Oslo: Lillestrøm, Kolbotn, Bærum, Asker, Skedsmokorset, Rælingen, Lørenskog, Strømmen og Nittedal

Trondheim: Heimdal