Forsvarsdepartementet i Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Forsvarsdepartementet si bygning i Myntgata 1, oppført i 1835 etter teikningar av Heinrich Ernst Schirmer og Wilhelm von Hanno. Ombygd i 1899 av Christian Fürst.
For forsvarsdepartement i andre land, sjå Forsvarsdepartement

Forsvarsdepartementet har ansvar for utforming og iverksetjing av norsk tryggings- og forsvarspolitikk. Departementet er ansvarleg for overordna styring og kontroll av underlagde etatar si verksemd.

Forsvarsdepartementet er eit regjeringskontor med integrert strategisk leiingsstruktur. Forsvarsministeren representerer den politiske leiinga og har ansvaret for utforming, styring og kontroll av norsk tryggings- og forsvarspolitikk. Forsvarssjefen er øvste leiar for den militære organisasjonen (Forsvaret) og er samtidig øvste militære rådgjevar i departementet.

Etablering[endre | endre wikiteksten]

Forsvarsdepartementet (FD) sin forløpar, Departementet for Krigsadministrasjonen, blei etablert som eit av seks departement i 1814. Noreg fekk altså eit Forsvarsdepartement då det blei etablert ei eiga norsk regjering i 1814. Året etter blei Departementet for Sjømilitæretaten oppretta og i 1818 blei desse to slått saman til Armédepartementet.

I 1885 vart så Det kongelige forsvarsdepartement oppretta ved ei samanslåing av Armédepartementet og Marinedepartementet, som deretter blei avdelingar i departementet (Kgl.Res. 30.6.1885). Frå 1885 til 1930 var FD hovudsakleg bemanna med militære stillingar. I 1930 kom avdeling for økonomiske og sivile saker, Sivilavdelinga. Her har sidan vore ei varierande blanding av militære og sivilt tilsette på ulike nivå i departementet.

Under okkupasjonen i Den andre verdskrigen blei FD og UD nedlagt. FD sine oppgåver blei overført til Innenriksdepartementet og ein fekk i staden Sivilforvaltningen for hær og marine.

Eit nytt departement blei etablert av den norske regjeringa i eksil i London. Ein del av FD si fagmilitære verksemd blei overført til Forsvarets overkommando (FO), der hovudaktiviteten var konsentrert om å kome i inngrep med alliert planlegging for operasjonar i Noreg og å bygge opp norske heimestyrkar. Ein starta også å planlegge for gjenoppbygginga av eit Forsvar etter frigjeringa (Græger og Neumann, 2006).

Utviklinga etter den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Avdelingsstrukturen for dagens Forsvarsdepartement blei hovudsakleg lagt i perioden 1945 til 1970. Ved gjenopprettinga av FD etter den andre verdskrigen (Kgl.Res. 3.8.1945) blei avdelingane knytte til personell og organisasjon, materiell og produksjon, budsjett og rekneskap, økonomi og juss, sivil luftfart (vart året etter overført til Samferdselsdepartementet) og etter kvart også velferdssaker. FD fekk gradvis også ansvaret for våpenteknikk, ammunisjon, intendantur, samband og transport. FD fekk hovudansvaret for samarbeidet med NATO og i 1952 blei Atlanterhavspaktavdelinga etablert. NATO-saker blei seinare underlagt Sekretariatet for sikkerheitspolitiske saker, som hadde ein orienterande og sakshandsamande funksjon, og som sorterte direkte under departementsleiinga. Dette var forløparen til den etter kvart heilt sentrale Sikkerheitspolitisk avdeling. Presse og informasjon blei også etablert som eigen avdeling (Græger og Neumann, 2006).

Reformer på 2000-talet[endre | endre wikiteksten]

I 2002 vedtok Stortinget å legge ned Forsvarets Overkommando og integrere forsvarssjefen og dei militærstrategiske funksjonane som ein langt mindre Forsvarsstab i departementet. Hensikta med integrert forsvarsleiing var å styrke departementet si evne til overordna planlegging og strategisk leiing av Forsvaret, samt å samle den militærfaglege kompetansen og redusere avstanden mellom fagmilitære vurderingar og politiske beslutningar (Forsvarsdepartementet 2003). Kor vidt den fagmilitære innflytinga i avgjerdsprosessen aukar eller blir redusert i eit integrert departement, har sidan vore mykje debattert i media og i Forsvaret sine fagforeiningar (Græger og Neumann, 2006).

Politisk leiing[endre | endre wikiteksten]

Statsråd og sjef for Forsvarsdepartementet (forsvarsminister) er frå 20. oktober 2009 Grete Faremo frå Arbeidarpartiet.

Underliggande etatar[endre | endre wikiteksten]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Nina Græger og Iver B. Neumann: ’Utenriksdepartementet og Forsvarsdepartementet som beslutningspolitiske aktører’ pp. 67-88 i Birgitte Kjos Fonn, Iver B. Neumann og Ole Jacob Sending (red.) Norsk utenrikspolitisk praksis: Aktører og prosesser Oslo: Cappelen 2006.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]