Fort McHenry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flyfoto av Fort McHenry.

Fort McHenry er ei stjernefestning i Baltimore i Maryland og eit nasjonalmonument i USA. Festninga er best kjend for å ha forsvart seg mot britisk bombardement under slaget om Baltimore som stod den 13-14 september 1814 under 1812-krigen. Hendinga inspirerte Francis Scott Key til å skriva det som blei den amerikanske nasjonalsongen, «The Star-Spangled Banner».

Fort McHenry ligg ved hamna i Baltimore. Den første festninga på staden, Fort Whetstone, blei bygd under den amerikanske sjølvstendekrigen for å forsvara byen mot eit mogleg britisk åtak. Denne festninga var stjerneforma, men laga av jordvollar. Festninga fekk murveggar frå 1798 til 1803, etter at den amerikanske kongressen hadde gått inn for å verna kysten som følgje av Napoleonskrigane. Festningen blei kalla opp etter James McHenry frå Maryland, ein tidleg krigsminister i USA.

Bombarderinga av Fort McHenry.

Slaget om Baltimore fann stad 13.-14. september 1814, kort tid etter at britane hadde teke og brunne ned viktige delar av Washington. Festninga blei bombardert i 25 timar, men forsvarte hamna i Baltimore. Då Key framleis kunne sjå eit digert amerikansk flagg heist over festninga neste morgon, etter at bombardementet hadde stilna, visste han at slaget var vunne. Kort tid etter skreiv han diktet «The Defence of Fort M'Henry», som seinare blei til nasjonalsongen «The Star-Spangled Banner».

Historiske gjenskaparar ved Fort McHenry.

Festninga blei vidare bygd ut frå 1829 til 1842 med større kanonar og høgare etasjar. Under krigen mot Mexico (1846-1848) trente fleire styrkar her. Under den amerikanske borgarkrigen, då Baltimore blei halden av Nordstatane, blei festninga noko brukt som fengsel - for kongressmenn frå Maryland (for å hindra dei frå å stemma for lausriving frå føderasjonen) og for sørstatssoldatar.

Den siste millitæravdelinga, 141st Coastal Artillery Company, forlét Fort McHenry den 20. juli 1912. Under første verdskrigen blei bygningen brukt som sjukehus. Etter krigen blei festninga gjort om til nasjonalpark og restaurert til slik det såg ut på 1800-talet. Festninga har no status som «National Monument and Historic Shrine», og er underlagd National Park Service i USA. Fort McHenry kan vitjast som museum, med omvisingar og demonstrasjonar. Det blir også halde ulike tilstelningar her, som ved «National Flag Day», «Civil War Weekend» og «Defenders' Day».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]