Forth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Forth
elv
none  Forth svingar seg over det frodige jordbrukslandet nær Stirling
Forth svingar seg over det frodige jordbrukslandet nær Stirling
Land Flag of Scotland.svg Skottland
Region Stirling
By Stirling
Kjelde Loch Ard (Loch Chon)
 - høgd 33 moh
 - koordinatar 56°10′0″ N 4°28′0″ W
Munning Firth of Forth, Nordsjøen
 - høgd moh
Lengd 47 km
Løpet til Forth
Løpet til Forth

Forth (skotsk gælisk Uisge For eller Abhainn Dhubh, 'svart elv') er den største elva aust i Central Belt i Skottland. Ho er 47 km lang og munnar ut i estuaret Firth of Forth i Nordsjøen.

Elva har utspring i Loch Ard i Trossachs, ei fjellkjede vest for Stirling. Ho renn austover gjennom Aberfoyle og møter så elvane Duchray Water og Kelty Water. Deretter renn elva gjennom myrlandskapet Flanders Moss før elvane Teith og Allan renn inn i henne.

Forth går gjennom Stirling, der ho blir breiare. Frå Stirling har ho tidvatn. Ho renn så mot aust over Carse of Stirling og forbi byane Alloa og Airth. Ved Kincardine blir elva endå breiare og går over i Firth of Forth.

Elvetrafikk[endre | endre wikiteksten]

Elva er farbar for båtar opp til Stirling, og blir i dag hovudsakleg brukt av fritidsbåtar. Forth & Clyde Canal set elva i samband med Firth of Clyde på vestsida av Skottland.

I mellomalderen var det mykje handelstrafikk på elva til Stirling, tidvis truleg også lenger, men mudder og auka storleik på fartøy gjer at det nå er lite slik trafikk over Kincardine.

Bruer[endre | endre wikiteksten]

Over Stirling er elva smal og har ei rekkje bruer. Tidlegare kunne elvebreidden vera farleg, men moderne drenering av myrene har gjort brukonstruksjon uproblematisk. Det finst og vadestader over elva.

I Stirling har det vore bru over Forth minst sidan 1200-talet. Fram til opninga av ei bru ved Kincardine i 1936 var dette den astlegaste vegbrua over elva. Lenger nede i elva, ved Queensferry, blei den svingbare jernbanebrua Forth Bridge i 1890. Hengebrua Forth Road Bridge over sjølve Firth of Forth, for bilar, fotgjengarar og syklistar, opna i 1964. Clackmannanshire Bridge blei opna som ei avlastingsbru i 2008.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]