Fortun kyrkje
| Fortun kyrkje | ||
|
(2010) |
||
| Generelt | ||
| Kyrkjesamfunn: | ||
| Bispedøme: | Bjørgvin | |
| Prosti: | Indre Sogn | |
| Prestegjeld: | Luster | |
| Fellesråd: | Luster | |
| Sokn: | Fortun | |
| Innvigd: | 1879 | |
| Kyrkjegard: | Ved kyrkja | |
| Arkitektur | ||
| Type: | Langkyrkje | |
| Arkitekt: | Erik Pedersen Rusten | |
| Materiale: | Tre | |
| Kyrkjerommet | ||
| Plassar: | 230 | |
| Fortun kyrkje på Commons | ||
Fortun kyrkje står i bygda Fortun i Luster kommune i Sogn og Fjordane fylke og er ei langkyrkje i tre frå 1879. Arkitekt for kyrkja var Erik Pedersen Rusten.
Ho er soknekyrkje i Fortun sokn i Indre Sogn prosti.
Kyrkja erstatta ei stavkyrkje som var frå 1160–1180. Stavkyrkja vart tilbode Fortidsminneforeninga, men dei hadde ikkje råd, og Fortun stavkyrkje vart riven i 1882. Mykje av vyrket frå kyrkja vart seld til konsul Gade som fekk det frakta til Bergen og brukt i Fantoft stavkyrkje, som han fekk sett opp i Fana. Denne stavkyrkja gjekk tapt i ein påtend brann i 1992. Like etter vart det sett opp ei ny stavkyrkje på Fantoft, men så godt som alle dei gamle delane frå Fortun stavkyrkje var gått tapt, og det einaste som er att av henne på Fantoft er ein ynkskjestein og ein kross som står på alteret.
Altertavla frå 1630-åra som hadde stått i stavkyrkja tok dei vare på på Fortun og ho heng på ein sidevegg i koret i Fortun kyrkje. Tavla var frå starten ei katekismetavle, men bibelversa vart overmåla med bilete av Kristus og Moses i 1692. I Fortun kyrkje er det òg to kyrkjeklokker frå 1200-talet, medan eit relikvieskrin frå 1220–1250 er på Bergen Museum.
[endre] Sjå òg
[endre] Kjelder
- Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Fortun kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- «Fortun kyrkje» hjå NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
- Om Fortun kyrkje på nettstaden til Luster kommune
- Sigurd Muri: Norske kyrkjer. Det Norske Samlaget. Oslo 1971
[endre] Bakgrunnsstoff
- Om Fortun kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- Eldre fotografi av Fortun kyrkje på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- Kart frå 1979 som viser kyrkjerstader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
|
|
|
|---|---|
| Dale · Fortun · Nes |
|
|
|
|---|---|
| Dale · Fet · Fortun · Gaupne gamle · Gaupne nye · Hafslo · Joranger · Jostedal · Nes · Solvorn · Urnes stavkyrkje · Veitastrond |
|
|
|
|---|---|
| Bakka · Borgund nye · Borgund stavkyrkje · Dale · Farnes · Fet · Fjærland · Flåm · Fortun · Gaupne nye · Gaupne gamle · Hafslo · Hauge · Joranger · Jostedal · Kaupanger · Leikanger · Nes · Norum · Solvorn · Stedje · Tønjum · Undredal · Urnes · Vangen · Veitastrond · Årdal |