Fortunate Son

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fortunate Son
av Creedence Clearwater Revival
frå albumet Willy and the Poor Boys
A-side

Down on the Corner

Språk engelsk
Utgjeve 1969
Innspelt 1969
Sjanger Roots-rock, southern rock, bluesrock
Lengd 2:21
Selskap Fantasy
Komponist John Fogerty
Tekstforfattar John Fogerty
Låtskrivar(ar) John Fogerty
Produsent John Fogerty
Creedence Clearwater Revival-kronologi 
«Down on the Corner»
(1969)
Fortunate Son «Travelin' Band»
(1970)


«Fortunate Son» er ein song av Creedence Clearwater Revival på albumet Willy and the Poor Boys frå 1969. Han vart gjeven ut som singel i lag med «Down on the Corner» i september 1969.[1] Denne songen nåded 14. plassen på singellista i USA den 22. november 1969, veka før Billboard gjekk bort frå praksisen med å liste begge sidene av ein singel. Denne songen og den andre sida, «Down On The Corner», klatra i lag til niandeplassen veka etter og nådde tredjeplassen tre veker seinare, den 20. desember 1969.[2] Singelen hadde seld til gullplate i desember 1970.[3] Pitchfork Media plasserte songen på 17. plass på lista si over dei 200 beste songane frå 1960-åra.[4]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

It aint me, it aint me, I aint no senators son.
It aint me, it aint me; I aint no fortunate one.

John Fogerty (1969)

Songen vart inspirert av David Eisenhower, barnebarnet til president Dwight David Eisenhower som vart gift med Julie Nixon, dottera til president Richard Nixon, i 1968.[5] John Fogerty sa til Rolling Stone: «Julie Nixon heldt lag med David Eisenhower, og du berre hadde den kjensla av ingen av desse kom til å bli involvert i krigen. I 1968 trudde mesteparten av landet at soldatane hadde høg moral, og 80 % var for krigen. Men somme av oss som følgde nøye med forstod at me var på veg mot trøbbel.»[6]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen har sidan vorte spelt inn eller framført av Bob Seger, La Renga, Gordon Downie and the Country of Miracles, Brandi Carlile, Pearl Jam, U2, Sleater-Kinney, Corrosion of Conformity, Cat Power, The Dropkick Murphys, .38 Special, Circle Jerks, Jeff B.R.I.C.K. & The Mortiboys, Minutemen, Kid Rock, W.A.S.P., Todd Snider og Patty Griffin, Bruce Springsteen, Santana, The Ghost Inside, Scott Stapp, The Screaming Jets, Wyclef Jean og Sleater-Kinney.

I 2013 spelte Fogerty inn ein versjon av songen i lag med Foo Fighters for albumet Wrote A Song For Everyone.

I andre medium[endre | endre wikiteksten]

Songen vart nytta i introen til spelet Battlefield Vietnam. Songen vart òg nytta i ein trailer for Battlefield: Bad Company 2: Vietnam[7]. I tillegg finst songen i videospela Call of Duty: Black Ops, Homefront, BioShock Infinite og han er spelbar i spelet Rock Band.

«Fortunate Son» vart nytta i filmane Forrest Gump, Live Free or Die Hard og Battleship, i tillegg til ein episode av American Dad!.

Ein coverversjon av songen vert spelt av Lyle Workman mot slutten av den 108. episoden av Sons of Anarchy.[8]

Ein versjon av songen vert nytta i ein reklame for Wrangler.[9][10]

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Danmark (IFPI Danmark)[11] Gull 5 000^
Italia (FIMI)[12] Gull 25 000*
Storbritannia (BPI)[13] Gull 400 000^
USA (RIAA)[14] 2× Platina 4 000 000^

xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Creedence Clearwater Revival». .telus.net. 2. januar 1971. Arkivert frå originalen 23. mai 2013. Henta 17. august 2013. 
  2. Whitburn, Joel (1990). The Billboard Hot 100 Charts: The Sixties (25 October 1969 through 27 December 1969). Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research, Inc. ISBN 0-89820-074-1. 
  3. Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs. London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 257. ISBN 0-214-20512-6. 
  4. arkivkopi, arkivert frå originalen 2. juni 2013, henta 17. august 2013 
  5. «The story behind the lyrics and the identity of the "Fortunate Son"». Snopes.com. Henta 17. august 2013. 
  6. «Fortunate Son Songfacts». Songfacts.com. Henta 17. august 2013. 
  7. Battlefield: Bad Company 2: Vietnam debut trailer http://www.gametrailers.com/video/e3-2010-battlefield-bad/101340
  8. «The story behind the choice for using Fortunate Son in the Episode». Themagickitchen.blogspot.com. 5. august 2009. Henta 17. august 2013. 
  9. Baker, Bob (1. november 2002). «Fogerty to Wrangler: Song in ad 'ain't me' - SFGate». Articles.sfgate.com. Henta 26. mars 2010. 
  10. Baker, Bob (23. oktober 2002). «Their 'Son' was Fogerty's baby; The last thing the synging wants is a Creedence corporate revival, but he doesn't own the rights, so 'Fortunate Son' now sells jeans». Pqasb.pqarchiver.com. Henta 29. mars 2010. [daud lenkje]
  11. «Danish single salstrofé – Creedence Clearwater Revival – Fortunate Son». IFPI Denmark. Henta 23. november 2019. 
  12. «Italian single salstrofé – Creedence Clearwater Revival – Fortunate Son» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry. Henta 23. november 2019.  Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Creedence Clearwater Revival in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  13. «British single salstrofé – Creedence Clearwater Revival – Fortunate Son». British Phonographic Industry.  Enter Fortunate Son in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  14. «American single salstrofé – Creedence Clearwater Revival – Fortunate Son». Recording Industry Association of America. Henta 30. november 2018.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH