Forvaltingsrevisjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Forvaltingsrevisjon er systematiske vurderingar av økonomi, produktivitet, måloppnåing og verknader med utgangspunkt i vedtak og føresetnadar frå politiske styresmakter.

Definisjonen inneber at ein under revisjon av ei offentleg verksemd til dømes kan fokusera på om

  • forvaltinga nyttar ressursar til å løysa oppgåver som samsvarer med politiske vedtak og føresetnader,
  • ressursbruk og verkemiddel i forvaltinga er effektive med omsyn til måla som er sette på området,
  • regelverket vert etterlevd,
  • styringsverkty og verkemiddel er formålstenlege,
  • avgjerdsgrunnlaget frå administrasjonen til dei politiske organa samsvarar med offentlege utgreiingskrav
  • resultata i tenesteproduksjonen er i tråd med politiske føresetnader og/eller om resultata for verksemda er nådd.

Omgrepet viser til ein eigen fagdisiplin innan offentleg revisjon, og vert utført på alle forvaltingsnivå. I Noreg er det vorte utført denne typen revisjonsgjennomgangar sidan slutten av 1980-talet, tiltakande med åra, og med ein særleg sterk vekst dei siste åra. I dag har forvaltingsrevisjon same omfang som rekneskapsrevisjon (finansiell revisjon) i revisjon av offentleg sektor.

På nasjonalt nivå er det Riksrevisjonen som på vegner av Stortinget utøver forvaltingsrevisjon. På fylkeskommunalt og kommunalt nivå vert forvaltingsrevisjon utført av kommunalt eigde eller private revisjonseiningar på oppdrag frå dei politisk oppnemde kontrollutvala. For Riksrevisjonen er kravet om å gjennomføra forvaltingsrevisjon nedfelt i eiga lov, medan det for dei andre forvaltingsnivåa er teke inn tilsvarande krav i kommuneloven.

Forvaltingsrevisjon skal skje i tråd med god revisjonsskikk og standardar på området. Standardane baserer seg på internasjonale prinsipp og standardar, mellom anna fastsette av International Organization of Supreme Audit Institutions (INTOSAI) og Institute of Internal Auditors (IIA). I Noreg har både Riksrevisjonen og Norges Kommunerevisorforbund utarbeidd standardar og rettleiarar for gjennomføring av forvaltingsrevisjon.

Internasjonalt nyttar ein ofte nemninga Performance Audit. Sjå òg om bruk av forvaltingsrevisjon under omtalen av selskapskontroll.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]