Fosforitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guanodrift i dei sentrale Chinchuaøyane.

Fosforitt er ein sedimentær bergart danna ved utfelling av fosfat på havbotnen. Det finst i veksling med marine skifrar og kalksteinar. Det er den viktigaste fosforkjelda til framstilling av gjødningsstoff, fosfor og fosforsambindingar. Det finst store førekomstar i Nord-Afrika, USA og Kasakhstan. Fosforitt inneheld ein apatitt som er rik på karbonat og fluor (karbonat-fluorapatitt eller francolitt), gjerne utfelt i kryptokrystallinsk form (kollofan).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]