Fossar i Ukraina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjypotfossen er 14 m

Ukraina er det nest største landet i Europa med mange fossar som renn ned frå fjellkjedene i landet. Mykje av landet består derimot av flate sletter og store elvar, som renn langsamt gjennom landskapet. I elva Dnepr var det tidlegare fleire stryk, men desse finst ikkje lenger då det er bygd mange vassreservoar i elva.

Fossar i Karpatane[endre | endre wikiteksten]

Kamiankafossen

Sjypotfossen er ein kjend foss i Karpatane, ei fjellkjede i vestlege delar av landet, med ein årleg festival kalla opp etter fossen. I Besikdane og Bieszczadyfjella finn ein Kamiankafossen i Lviv oblast.

Utsjan-su-fossen

Krimhalvøya[endre | endre wikiteksten]

I Krimfjella på Krimhalvøya finn ein Utsjan-su-fossen som er eit populært turistmål. Han ligg i sørsida av fjella nær byen Jalta og er den høgaste fossen i landet med ei høgd på 90 meter.

Fossar i Ukraina[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]