Fossekall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fossekall
Fossekall
Fossekall
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Fossekall
Utbreiinga av Fossekall
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Muscicapoidea
Familie: Fossekallfamilien Cinclidae
Slekt: Fossekallfamilien Cinclus
Art: Fossekall C. cinclus
Vitskapleg namn
Cinclus cinclus

Fossekallen (Cinclus cinclus) er ein fugl i fossekallfamilien som er utpeikt som nasjonalfugl i Noreg. Fossekallen finst i store delar av Europa og nordvestre Asia.

Fuglen er brunsvart med kvit hakelapp, liten og rundvoren, med stutt stjert. Han held særleg til langs fossestryk, elvar og vatn.

Fossekallen er delvis trekkfugl, og medan dei gjerne held seg i nordlege område om sommaren flyg mange av dei sørover om vinteren. Mange fuglar trekkjer til dømes frå Noreg og nord-Sverige til sør-Sverige om vinteren. Ein kan likevel finna fossekallar i vassdrag og vatn i Noreg året rundt.

Fuglen dykkar til botnen etter føde og bruker vengene til å symja. Han et hovudsakleg larvar av små vassdyr. Fossekallen kan òg eta insekt på land som han finn mellom steinar og ved vassbredden.

Reiret er rundt med ein liten opning på eine side. Det blir bygd på ein avsats, i ei kløft eller under ei bru, nær vatn. Fossekallen legg 3–6 egg som blir klekka etter 14–18 dagar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]