Fossekallfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fossekallfamilien


Gråfossekall Cinclus mexicanus
Gråfossekall
Cinclus mexicanus

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Cinclidae
Slekt: Cinclus
Vitskapleg namn
Cinclus
von Borkhausen, 1797

Fossekallfamilien, Cinclidae, samlar fem artar i slekta Cinclus, einaste slekt i familien. Artane er særståande blant sporvefuglane (Passeriformes) for evna til å dukke og symje under vatn.

Distribusjon og habitat[endre | endre wikiteksten]

Det finst fossekallar i passande ferskvatnhabitat i høglandet i Amerika, i Europa og i Asia. I Afrika finst det berre observasjonar i Atlasfjella i Marokko. Dei føretrekkjer kaldt, klart rennande vatn og lever på breidda av strie elver. Utanfor hekkesesongen kan dei vitja innsjøar og kyst.[1]

Tilpassing til undervassymjing[endre | endre wikiteksten]

Fossekallane har generelt store likskapar med mange fuglar som lever på land, til dømes ved at dei ikkje har symjehud. Men dei har utvikla somme morfologiske og fysiologiske tilpassingar til livet i vatn. Vengene er relativt korte, men har kraftig musklar. Det gjer dei i stand til å nytte vengene som luffar under vatn. Dei har tjukk fjørdrakt med sterke feittstoff som vernar fjøra mot inntrenging av vatn. Augo har vel utvikla fokusmusklar som kan endre på krumminga på linsene for å betre synet under vatn. Naseflippar hindrar vatn å trengje inn gjennom nasebora. Fossekallar har ein høg konsentrasjon av hemoglobin i blodet samanlikna med landfuglar. Det aukar oksygenlagringskapasiteten og gjer dei skikka til å halde seg under vatn i minst 30 sekund.


Noregs nasjonalfugl[endre | endre wikiteksten]

Fossekallen har truleg lenge hatt ein særskilt rolle i Noreg da han er blitt vår nasjonalfugl. Det kan óg nevnast at stjernebiletet Odinsvogna (Karlsvogna) blir kalla store Fossekallen (Big Dipper) på engelsk. Noko som kan tyde på at han har vorte høgt akta i uminnelege tider.

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Dippers frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • Tyler, Stephanie J.; & Ormerod, Stephen J. (1994). The Dippers. Poyser: London. ISBN 0-85661-093-3
  • Goodge, W.R. (1960). "Adaptations for amphibious vision in the Dipper (Cinclus mexicanus)". J. Morphol. 107: 79–91.
  • Tyler, S.J. (1994). "The Yungas of Argentina: in search of Rufous-throated Dippers Cinclus schulzi)". Cotinga 2: 38–41.
  • Salvador, S.; Narosky, S.; & Fraga, R. (1986). First description of the nest and eggs of the Red-throated Dipper in northwestern Argentina. Gerfaut 76: 63–66.
  • J., Martens; Geduldig, G. (1990). Acoustic adaptations of birds living close to Himalayan torrents. Proc. Int. 100 DO-G Meeting: 123-131, Bonn: Current Topics Avian Biol..
  • Creutz, G. (1966). Die Wasseramsel. A. Ziensen: Wittenburg Lutherstadt.
  • BirdLife International (2007) Species factsheet: Cinclus schulzi. Lest frå http://www.birdlife.org on 14. mars 2008
  • List of Old English bird names
  • Mullarney, Svensson, Zetterstrom and Grant, Collins Bird Guide ISBN 0-00-219728-6

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tyler, Stephanie J.; & Ormerod, Stephen J. (1994). The Dippers. Poyser: London. ISBN 0-85661-093-3

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]