Fotballklubben Bodø/Glimt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bodø/Glimt
Fullt namn Fotballklubben Bodø/Glimt
Kallenamn Glimt
Grunnlagd 19. september 1916
Heimebane Aspmyra stadion
(kapasitet: 7 400)
Styreleiar Flagget til Noreg Mads Torrissen
Hovudtrenar Jan Halvor Halvorsen
Supporterklubb Den Gule Horde
Liga Adeccoligaen
Budsjett 2010 37-38 millioner[1]
Heimedrakt
Bortedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Bodø/Glimt er ein fotballklubb som har spela i den norske Tippeligaen. Laget held til på Aspmyra stadion i Bodø. Klubben spelar denne sesongen i Adeccoligaen. Noverande hovudtrenar er Jan Halvor Halvorsen.

Dei siste sesongane har Bodø/Glimt rykte opp og ned mellom Adeccoligaen og Tippeligaen, og den beste sesongen dei siste åra var ein fjerdeplass i Tippeligaen 2008, der dei mellom anna slo Rosenborg 3–1 på bortebane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fotballklubben Bodø/Glimt vart stifta i 1916. Fotballen vart introdusert relativt seint i Bodø. Nabobyar som Narvik og Mo hadde stifta sine klubbar tidlegare. Men i 1916 fekk Bodø fotballaget sitt då fotballklubben Glimt vart stifta. Glimt var òg namnet til klubben i mange år, men det viste seg at ein klubb i Orkdal alt hadde namnet «Glimt» og dermed måtte klubben legge til «Bodø». Mange bodøværingar kallar framleis Bodø/Glimt for berre Glimt.

Dei første åra[endre | endre wikiteksten]

Ein av dei som var med på å stifte Glimt i 1916 var Erling Tjærandsen. Han vart den første leiaren til klubben og seinare æresmedlem. Fordi Bodø berre hadde eitt fotballag, var den første kampen til Glimt mot Bodø Gymnas, ein kamp Glimt vann. Første tittel kom i 1919 då Glimt vart kretsmeister i Nordland. Derimot fall interessa og Glimt mista oppslutning på 1920-talet. Klubben sleit med dårleg økonomi og det vart snakka om å innlemme Glimt i allidrettsklubben Bodø & Omegnens Idrettsklubb. Det vart derimot aldri noko meir enn med praten om innlemming.

Starten på noko stort[endre | endre wikiteksten]

1930-talet fekk klubben ein ny glød. Glimt fekk fleire inspirerande besøk frå trenarar og spelarar sørfrå, ein av desse var Lyn og landslaget sin storscorar Jørgen Juve. Samstundes innførde Glimt nye treningsmetodar og innandørsfotball i vinterhalvåret. Dei nye treningsmetodane bar frukter, første nord-noregsmeisterskapen vart vunne i 1930. Frå 1930-talet har Glimt vore i toppen av nordnorsk og frå 1970-talet norsk fotball.

Nord-Noreg får innpass - under tvil[endre | endre wikiteksten]

Det er fotballklubbar i Noreg som har vunne meir og som i større grad har sett preget sitt på norsk fotballhistorie enn Bodø/Glimt. Men det er ikkje mange som i nyare tid har opparbeidd ein slik status og vorte eit slikt symbol og identitetsfaktor for ein heil landsdel, innbyggjarane deira og næringslivet. Denne effekten kan kanskje òg delvis tilskrivast NFF som lengje nekta nordnorske lag å delta i cup- og seriemeisterskapen.

Ein ny epoke starta i 1963, då nordnorske klubbar for første gongen fekk høve til å delta i NM-cupen. I den første sesongen sin i cupen spelte Glimt seg heilt fram til kvartfinalen. Glimt slo Norild 7-1 i første runden. Dei to neste rundane måtte Bodø/Glimt spele borte mot Nidelv og Rosenborg, begge var topplag frå Trondheim og begge vart slått på Lerkendal Stadion. I kvartfinalen meinte mange at Glimt skulle ha heimekamp, men vart likevel sett opp med bortekamp mot toppklubben Frigg frå Oslo. Glimt vart slått 1–0 av Frigg på eit fullsett Bislett stadion. Dette var likevel for dei fleste nordlendingane som å oppleve ein ny frigjeringsdag. Etter kampen stod 300-500 nordlendingar, som tidlegare ikkje hadde lete røysta si høyre i hovudstaden, igjen på Bislett og song «Å, eg veit meg eit land, langt der oppe mot nord. Der eg gjerne er gjest, der mitt hjarte er fest.» Bodø/Glimt hadde bevist at nordnorske lag kunne konkurrere på toppnivå berre dei fekk lov til å delta.

Bodø/Glimt er det einaste laget frå Nord-Noreg som har delteke i cupen i alle år. Frå 1963 då alle norske lag har hatt høve til å kvalifisere seg til deltaking i cupen har Bodø/Glimt delteke alle 46 sesongar, like etter følgje Tromsø IL som har delteke 41 gonger. Bodø/Glimt er elles eitt av tre nord-norske lag som har spelt i den øvste divisjonen. Dei to andre er Tromsø IL og Mjølner frå Narvik.

Nord-Noreg, Glimt og toppserien[endre | endre wikiteksten]

Først i 1972 fekk nordnorske lag høve til å kvalifisere seg til allnorsk fotball. Delinga av norsk fotball før 1972 hadde nok delvis årsak i dårleg samferdsel mellom nord og sør, men òg ei oppfatning i Noregs Fotballforbund om eit dårlegare nivå på dei nordnorske laga. I tida fram til 1972 vart Bodø/Glimt Nord-Noregsmeister ni gonger.

Sjølv om nordnorske lag på papiret fekk delta i toppserien frå 1972 fortsette Fotballforbundet forskjellsbehandlinga overfor dei nordnorske laga. Frå 1973 var det tre 2.-divisjonsavdelingar i Noreg, to sørnorske og ei nordnorsk. Seriesystemet var slik at dei to vinnarane i dei sørnorske avdelingane vart direkte kvalifisert til toppdivisjonen, medan vinnaren av den nordnorske avdelinga måtte inn i ein ekstra kvalifiseringsomgang med andrelaga frå sør-avdelingane. Dette merkelege kvalifiseringssystemet medførde at Glimt måtte – som avdelingsvinnar – ut i kvalifisering både i 1974 og i 1975. Dette trass i at Glimt ikkje tapte ein einaste seriekamp verken i 1974 eller i 1975. I 1975 vart Bodø/Glimt til og med Noregsmeister og vann alle kampane i serien. I Fotballforbundets offisielle jubileumsbok Fotball! Noregs Fotballforbund 100 år blir seriesystemet omtalt slik: «Landsdelen hadde fått eit svært så godt fotballag der hardtarbeidande lokale spelarar var blanda med heimvendte søner med heltestatus som måtte overkome ikkje berre motstandarar på banen, men òg eit djupt urimeleg seriesystem. Urettferda i dette beviste Glimt gjennom sine cup-prestasjonar». Først frå 1979 vart seriesystemet lagt om slik at alle kunne nå den øvste divisjonen på same måte, uansett kva for ein lansdel laga kom frå.

I 1976 klarte Bodø/Glimt å kvalifisere seg til toppserien etter å ha slått Odd Grenland 4–0 på Aspmyra og tap 1–0 mot Lyn på Ullevaal. Som nyopprykt lag oppnådde Glimt seriesølv og cup-sølv i 1977. Lillestrøm tok begge gullmedaljane.

Glimt i hjarta til nordlendingane[endre | endre wikiteksten]

Tida på 70-talet var eit eventyr i tilhøve til engasjement og publikumsoppslutning. Ein ting var at Glimt med Harald «Dutte» Berg i spissen sprengte sportslege grenser. Noko heilt anna var stoltheita nordlendingane følte etter kvart som Glimt sette dei sørnorske topplaga på plass. Kvartfinalekampen mot Viking i 1975 samla 12 041 tilskodarar på Aspmyra stadion i ein by som då hadde knappe 30 000 innbyggjarar. Tilskodartalet er enno det største på noko idrettsarrangement i Nord-Noreg den dagen i dag. Når det var kamp Aspmyra kom folk frå Finnmark, Tromsø, Lofoten og Rana i fly, bussar, båtar og privatbilar. Etter store kampar blir det sagt at dei to Bodøavisene selde eit par tusen aviser berre i Mo i Rana. VG og Dagbladet hadde fem-seks sider med stoff etter slike kampar.

Innsatsen for regional sjølvkjensle vart heidra av både nordlendingar og trønderar i 1975. Då fekk Glimt det trønderske heidersmerket Olavstatuetten av Trondheimsavisa Adresseavisen som dermed inkluderte Bodø i Midt-Noreg. Nordland fylkeskommune delte ut kulturprisen sin til til cupmeistrane i 1975. Den tydinga Glimt hadde for nordnorsk sjølvkjensle blir oppsummert i Nordnorsk Kulturhistorie, bind 1 slik: «Bodø-Glimt var ei regionalt sak, dei felles symbola til landsdelen på at ein hadde fått oppreisning og oppnått likeverd» (s. 435-436).

Mørke år[endre | endre wikiteksten]

Etter toppseriedebuten i 1977 spelte Bodø/Glimt fire sesongar før laget enda sist på 12. plass og rykte ned i 2. divisjon i 1980.

1980-talet var dei mørkaste åra til Bodø/Glimt. Klubben veksla om å spele i 1. divisjon og den regionale 2. divisjonen. Botnåret var i 1984 då Glimt spelte i 3. divisjon, medan veslebror Grand Bodø spelte i 2. divisjon. Lojaliteten til Glimt var likevel enno stor, og det var fleire tilskodarar på Glimtkampane enn på kampane til Grand i divisjonen over.

Eit nytt superlag[endre | endre wikiteksten]

Klubben si vandring i mørket slutta i 1991 då Jan Muri overtok trenaransvaret. Bodø/Glimt rykte opp frå andre- til førstedivisjon føre Grovfjord Idrettslag. I 1992-sesongen fekk Glimt Trond Sollied som spelande trenar, klubben vann førstedivisjon og rykte opp til toppserien. I toppseriecomebacket i 1993 gjorde Glimt som i debuten i 1977. Klubben tok seriesølv og tok seg fram til cupfinalen. I motsetnad til 1977-laget klarte 1993-laget å vinne cupfinalen. Cupfinaleseieren sette punktum for tre fantastiske år, Glimt hadde gått frå andredivisjon til seriesølv og cupgull på tre år. Ein prestasjon som ingen har gjort einkvansinne i norsk fotball.

Berg- og dalbane[endre | endre wikiteksten]

1990-talet vart eit berg- og dalbane for Bodø/Glimt. Gode prestasjonar eitt år vart gjerne følgt opp med botnstrid året etter. Dette var særleg gjeldande i 1994 og 1996 då Glimt følgde opp seriesølv og -bronse med nestan nedrykk det påfølgjande året.

Trenden frå 1990-talet ser ut til å bli følgt i det nye årtusenet. Dobbelt sølv i serie og cup bak Rosenborg i 2003 vart følgt opp med kvalifiseringspel mot Kongsvinger IL Toppfotball i 2004. I kvalifiseringa tapte Glimt 0–1 på bortebane, men vant sikkert 4–0 heime på Aspmyra veka etter. Dermed vann Glimt samanlagt 4–1 og heldt toppserieplassen endå eit år.

Året etter klarte ikkje Glimt å levere varene godt nok, og enda på jumboplass i Tippeligaen. Nedrykket var eit faktum etter 13 år i det gode selskapet.

Målet for 2006-sesongen var opprykk til Tippeligaen, men sjølv om Glimt kjempa i toppen heile sesongen, enda dei på 5. plass etter ein dårleg haustsesong. Trass i ein sterk stall og mange gode resultat, feilte Glimt ofte på bortebane og tapte avgjerande kampar mot topprivalane. Bodø/Glimt hadde òg store økonomiske problem i 2006, som i vondaste konsekvensen kunne sende klubben ned til 2. divisjon. Dette fekk sportslege konsekvensar då Glimt måtte selje to av dei beste spelarane sine til opprykksrival Bryne midt i sesongen. At laget mista toppscoraren Håvard Sakariassen og kapteinen Cato André Hansen, kan nok ha bidrege til den dårlege haustsesongen.

Før 2007-sesongen vart det ordenen på økonomien og klubben styrkte stallen i alle ledd. Bodø/Glimt hadde ein sterk start på 2007-sesongen og leia serien lenge. På hausten kom klubben inn i ein dårleg periode og tapte ei rekkje bortekampar. Til slutt enda Bodø/Glimt opp på ein skuffande tredjeplass i serien, som likevel gav kvalifiseringsspel til Tippeligaen. Etter å ha slått Odd Grenland 4-2 over to kampar, vart det 12. november 2007 klart at Bodø/Glimt igjen skulle spele fotball på øvste nivået i Noreg, som den første 1. divisjonsklubben sidan år 2000 som har klart å rykke opp gjennom kvalifiseringsspel.

Det vart eit sterkt møte med Tippeligaen i 2008-sesongen, der klubben både slo Rosenborg 1-3 borte og enda på fjerdeplass totalt. Igjen overraska klubben dei etablerte laga som saman med ekspertkommentatorar hadde dømt «nordlændingan» nord og ned føre sesongen. 2009-sesongen gjekk ikkje like bra, og Glimt rykte ned til Adeccoligaen same år, sidan den gong har Glimt spelt i den nest øvste divisjonen.

Resultat sidan 2000[endre | endre wikiteksten]

2000: 10. plass i Eliteserien.

2001: 9. plass i Eliteserien.

2002: 10. plass i Eliteserien.

2003: 2. plass i Eliteserien (Sølv).

2004: 12. plass i Eliteserien Kvalifisering.

2005: 14. plass i Eliteserien Nedrykk til Adeccoligaen.

2006: 5. plass i Adeccoligaen.

2007: 3. plass i Adeccoligaen (Opprykk etter kvalifisering).

2008: 4. plass i Eliteserien.

2009: 15. plass i Eliteserien Nedrykk til Adeccoligaen.

2010: 6. plass i Adeccoligaen.

2011: 5. plass i Adeccoligaen.

2012: 5. plass i Adeccoligaen Tap i kvalifisering.

Driftsutgifter og budsjett[endre | endre wikiteksten]

År Faktiske utgifter[2] Budsjett Resultat[2] Kommentar
2010  ? 37 276 200  ? [3]
2009  ? Nær 53 000 000 + 2 600 000* [4][5] *Klubben, konsernet hadde et overskudd på 1,9 mill.
2008 57 900 000 51 000 000 - 8 700 000 [6]
2007 42 600 000 37 000 000 - 5 200 000 [7]
2006 34 300 000 30 000 000 - 1 930 000 [7]
2005 31 800 000 30 000 000 - 3 440 000 [8]
2004 28 500 000 23 000 000 - 3 350 000 [9]
2003 28 000 000 - 3 220 000
2002 23 600 000 - 7 134 000
2001 29 200 000 + 6 500 000
2000 20 900 000 - 991 000
1999 18 800 000 -75 000
1998 16 900 000 + 32 000
1997 18 300 000 + 2 400 000

Nord-Norsk Meister[endre | endre wikiteksten]

Nordnorsk meister: 1930, 1933, 1934, 1939, 1952, 1963, 1964, 1967 og 1969.

Cupfinalar: motstandarar og resultat[endre | endre wikiteksten]

Bodø/Glimt i Europa[endre | endre wikiteksten]

Sesong Cup Runde Land Motstandar Resultat
1976/1977 Cupvinnarcupen 1. runde Flag of Italy.svg Italia SSC Napoli 0-2, 0-1
1978/1979 Cupvinnarcupen 1. runde Flag of Luxembourg.svg Luxembourg Union Luxembourg 4-1, 0-1
1978/1979 Cupvinnarcupen 2. runde Flag of Italy.svg Italia Inter Milan 0-5, 1-2
1994/1995 Cupvinnarcupen Kvalifisering Flag of Latvia.svg Latvia Olimpia Riga 6-0, 0-0
1994/1995 Cupvinnarcupen 1. runde Flag of Italy.svg Italia UC Sampdoria 3-2, 0-2
1996/1997 UEFA-cupen 2. kvalifiseringsrunde Flag of Israel.svg Israel Beitar Jerusalem 2-1, 5-1
1996/1997 UEFA-cupen 1. runde Flag of Turkey.svg Tyrkia Trabzonspor 1-2, 1-3
1999/2000 UEFA-cupen Kvalifisering Flag of Liechtenstein.svg Liechtenstein FC Vaduz 1-0, 2-1
1999/2000 UEFA-cupen 1. runde Flag of Germany.svg Tyskland Werder Bremen 0-5, 1-1
2004/2005 UEFA-cupen 2. kvalifiseringsrunde Flag of Estonia.svg Estland Levadia Tallinn 2-1, 1-2 (8-7 str.konk.)
2004/2005 UEFA-cupen 1. runde Flag of Turkey.svg Tyrkia Besiktas JK 1-1, 0-1

Kjende spelarar[endre | endre wikiteksten]

Klubben har fostra mange gode fotballspelarar. Harald «Dutte» Berg er utan tvil den største, og kanskje den beste norske spelaren nokonsinne. Han spelte 390 kampar for Glimt, 200 kampar for Lyn, 43 landskamper og fire sesongar (250 kampar) som profesjonell i [[FC den Haag]] i Nederland.

Spelarar som Arne Hanssen, Terje Mørkved, Jahn Ivar «Mini» Jakobsen, Tom Kåre Staurvik, Ørjan Berg og Runar Berg og mange flere har òg markert klubben. Alle desse har òg spelt for Rosenborg og har bidratt til å bringe denne klubben til toppen i norsk fotball.

Stig Johansen vart den første spelaren som vart profesjonell i utlandet direkte fra Bodø/Glimt (til Southampton i 1996). Etter han gjekk ungguten Trond Fredrik Ludvigsen til Hertha Berlin i 2001 og Bengt Sæternes til Club Brugge i 2002.





Kjende trenarar[endre | endre wikiteksten]

Spelarar med landskampar for Noreg[endre | endre wikiteksten]

Glimt-kapteinar sidan 1975[endre | endre wikiteksten]

Kaptein Johan Lædre Bjørdal i bortekampen mot Follo, 8. august 2010.
Foto: Jørn Sund-Henriksen (2010)





Toppscorarar frå 1977 til i dag[endre | endre wikiteksten]

Thiago Martins skåra 17 mål i 2007-sesongen.
Foto: Lars Røed Hansen

Arne Hanssen er den mestscorande Glimtspelaren gjennom tidene, men ein vet ikkje det offisielle talet fordi ein ikkje byrja å halde nøyaktig oversikt før i 1977. Ein trur at Hansen scora tilsaman over 600 mål for Glimt på 60- og 70-talet. I tillegg var Arne Hansen toppscorar for Rosenborg i 1971 og 1972. I 2007-sesongen scora Thiago Martins 17 mål. Det meste ein Bodø/Glimt-spelar har scora siden Stig Johansen scora 19 i 1995-sesongen, Johansen er med denne prestasjonen den Glimtspelar som har scora flest mål i løpet av ein sesong i toppserien.






Raskaste mål for Bodø/Glimt i toppserien[endre | endre wikiteksten]

Største tap og største siger i toppdivisjonen/cupen[endre | endre wikiteksten]

Tilskodartal[endre | endre wikiteksten]

Bodø/Glimt sin totale poenghaust i Toppdivisjonen/Eliteserien[endre | endre wikiteksten]

Spelt Vunne Uavgjort Tap Mål Poeng
428 154 101 173 685–709 415

Bodø/Glimt er på 15. plass på tabellen over laga med flest poeng over alle år i toppserien, den såkalla maratontabellen. Bodø/Glimt kunne derimot først kvalifisere seg til eliteserien i 1972, medan laga sør for Nordland hadde høve frå 1963.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]