Fotografisk film

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein uframkalla svart-kvitt film

Ein fotografisk film er ein film for stillbilete og «levande» film som vert brukt i fotografiapparat.

Stillbilete[endre | endre wikiteksten]

Filmformat[endre | endre wikiteksten]

  • Filmar som er opp til 4cm breie: Småbiletformat.
  • Filmar som er opp til 7cm: Mellomformat.
  • Filmar som er over 10cm: Storformat.

Vanlegaste filmtypen er 135-film (35mm-film). Denne vart fyrst teken i bruk av Leitz Wetzlar i Leica-kamera i 1920-åra, og er difor også vorten kalla for Leicafilm. Han vart opphavleg brukt til kinofilm, og er også det vanlegaste formatet på kino i dag.

Negativformatet er 24x36mm (2:3). Biletstorleiken er 10x15cm (før 9x13cm), og kvaliteten er svært bra.

Det har også vore andre negativformat på 135-film, det vanlegaste har vore halvformat, med plass til 72 bilete på ein 36-biletes film.

Den nyaste filmtypen er APS-film (Advanced Photo System), som no er på veg ut att. Her kan fotografen velja mellom tre ulike biletstorleikar når han fotograferer (10x15/18/25, kalla C, H, og P). Filmen har ei magnetstripe som registrerer ulike opplysningar (dato, biletstorleik, tal bilete som er teke på filmen osb.). Biletkvaliteten er ca 30 % dårlegare enn på 135-film, ettersom formatet er mindre.

Den vanlegaste filmtypen forøvreg er 120-film. Breidda på filmen er 6cm. Den blir no stort sett berre nytta av fagfotografar, ofte til portrett. Negativformatet er avhengig av kva kamera ein brukar, og går i centimeter: 4,5x6; 6x6; 6x7; og meir uvanleg: 6x9, 6x12, 6x16. 6x6-formatet gjev 12 bilete på ein film. Biletkvaliteten er ein del betre enn på 135-film.

  • 220-film er ein dobbelt så lang versjon av 120-filmen. 70mm perforert film er som 120-filmen, men har perforering og blir levert i metervis.
  • 620-film er som 120-filmen, men kjernen på filmrullen har mindre hol, og litt mindre diameter. Den er berre i bruk på svært gamle kamera. Er ute av produksjon, men kan bestillast frå USA.
  • 127-film er ein smalare versjon av 120-filmen. Breidda på filmen er 4cm. Den er berre i bruk på svært gamle kamera. Er ute av produksjon, men kan bestillast frå USA.
  • 126-film er ein filmtype som er montert i kassett for å gjera den enkel i bruk. Den er berre i bruk på gamle kamera. Biletstorleiken er 10x10cm (før 9x9cm). Brukbar kvalitet.
  • 110-film er ein filmtype som er montert i kassett for å gjera den enkel i bruk. Formatet er lite. Den er berre i bruk i gamle kamera. Biletstorleiken er 10x13cm, og kvaliteten er dårleg.
  • DISC-film er ein rund film montert i ein kassett for å gjera den enkel i bruk. Den er heilt flat. Er berre i bruk i eldre kamera. Biletstorleiken er 10x12cm, og kvaliteten er svært dårleg.
  • MINOX-film er eit knøttlite filmformat for sokalla «spionkamera». Biletkvaliteten er ikkje av dei beste.
  • 4x5"-film er bladfilm, og blir berre brukt av profesjonelle og «super»-amatørar. Blir brukt på tekniske kamera, og biletkvaliteten er svært bra.

Bladfilm finst også i to større format; 5x7" og 8x10". Dei blir for det meste brukt til reklamefotografering. I tillegg: 9x12cm, 13x18cm og 18x24cm.

POLAROID-film er kjenneteikna ved at ein får bileta ferdige med ein gong. Det er diverse storleikar. Nokre er også med negativ. (Det finst også vanlege filmar med Polaroid-namnet.)

Kodak hadde også ein gong kamera og film for «Instant»-bilete (augeblikksbilete), men måtte legga ned produksjonen etter press frå Polaroid.

Filmtypar[endre | endre wikiteksten]

Film finst hovudsakleg som negativ og som positiv, i farge og i svart-kvitt.

Negativ fargefilm er den vanlegaste typen. Den gjev gode fargebilete på papir. Negativ svartkvittfilm gjev svart-kvittbilete på papir. Dette kan ivrige amatørar også enkelt gjera sjølve (men dei fleste har gått over til det «digitale mørkerommet»).

Positiv fargefilm er vanlegast å bruka for vidarekomne amatørar. Her blir kvart enkelt bilete (kalla positiv, lysbilete, slides, dias) sett i rammer, som så blir sett i eit magasin i ein framvisar og vist fram på lerret i eit mørklagt rom. Eller ein kan bruka ein liten betraktar. Det kan også lagast papirkopiar, men kvaliteten blir vanlegvis ikkje så bra som frå negativfilm.

Positiv svart-kvittfilm er lite brukt.

Det finst også diverse spesialfilmar, som t.d. infraraud film. Den registrerer varmestrålar i staden for synleg lys.

«Levande» film[endre | endre wikiteksten]

For proffbruk: 16mm, 35mm og 70mm. Amatør: Dobbel 8 og Super 8. Dobbel 8 er 16mm-film som blir filma "begge vegar" og kløyvt langsetter etter framkalling.