Fotorealisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fotorealistisk måleri av Marilyn Monroe. Måla av Ralf Krampe i 2005.

Fotorealisme, også kalla hyperrealisme eller superrealisme, er ein stilretning innan malerkunsten som freistar å etterlikna det «naturtru» biletuttrykket i fotografi. Denne forma for realisme oppstod på 1960-talet, mellom anna under omgrepet New Perceptual Realism, som ein ny avantgardistisk stilretning i slekt med pop-kunsten, hard edge og minimalismen.

Dei best kjende målarane innan denne stilen er Richard Estes, Ralph Goings, Richard MacLean, Davis Cone, Robert Bechtle, Rod Penner, Ron Kleeman, Randy Dudley, Audrey Flack og Chuck Close. Skulptørane Duane Hanson og Ron Mueck har laga skulpturar innan ein liknande tradisjon.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]