Fotosyntese

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fotosyntese er ein biokjemisk prosess der planter, alger og nokre bakteriar utnyttar energien i sollyset til å produsere glukose av vatn og karbondioksid. Fotosyntesen er den viktigaste kjemiske reaksjonen på kloden. Utan fotosyntesen kunne det ikkje ha vore liv på jorda slik vi kjenner det i dag.

Det er sollyset som er drivkrafta i fotosyntesen, som føregår i kloroplastane i dei grøne blada. I fotosyntesen blir energien i sollyset brukt til å gjere vatn og karbondioksid om til sukker og oksygen. Ordet fotosyntese tyder 'å setje saman ved hjelp av lys'.

6 CO_2 + 6 H_2O + lysenergi --> C_6H_1._2O_6 + 6 O_2

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]