Foulness

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Foulness er ei øy utanfor austkysten av Essex i England. Mellom øya og fastlandet går ei smal elv. Øya hadde 212 innbyggjarar i folketeljinga i 2001, og dei fleste bur i Churchend og Courtsend nord på Foulness. Øya har ei kyrkje, ein butikk og postkontor.

Foulness er hovudsakleg jordbruksland og er verna frå havet av eit dike. På sjøsida av dika er det eit vidstrekt marskland med mykje vadefugl, mellom anna klyde. Dette området er ein ramsarstad, og ein kan derfor berre dra til øya om ein har fått spesiell løyve til det.

Sidan 1926 har øya vore landfast via fleire bruer. Under nordsjøflaumen i 1953 vart nesten heile øya lagt under vatn og to menneske mista livet.

Namnet kjem av orda fowl, som tyder «fuglevilt» og ness, som tyder «nes».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 51°35′48″N 0°53′49″E