Frédéric Mistral

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frédéric Mistral
Portrait frederic mistral.jpg
Nasjonalitet Fransk
Fødd 8. september 1830, Maillane ved Arles
Død 25. mars 1914 (83 år), Maillane ved Arles
Yrke Poet og lingvist
Nobelprisen i litteratur
Nobelprisen i litteratur
1904

Frédéric Mistral (fødd 8. september 1830 i Maillane ved Arles, død 25. mars 1914 same stad) var ein fransk poet og lingvist. Mistral fekk saman med José Echegaray y Eizaguirre Nobelprisen i litteratur for 1904. Svenska akademien grunngav tildelinga til Mistral med orda «med avseende fäst å det ursprungsfriska, snillrika och sant konstnärliga i hans diktning, som troget avspeglar hans hembygds natur och folkliv, samt å hans betydelsefulla verksamhet som provençalsk filolog.»[1][2]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Mistral var son av ein velhavande godseigar; begge foreldra var av gamle provencalske familiar. Diktaren Joseph Roumanille gjorde Mistral kjent med provencalsk litteratur og saman med han og andre grunnla Mistral Félibrige-rørsla i 1854. Frå 1859 var Mistral leiar og kreativ representant for denne rørsla som arbeidde for å vekke provencalsk språk til liv igjen. Same året kom verseeposet Mirèio som blir rekna som hans viktigaste verk. Charles Gounod tonesette dette verket i 1863.

I 1876 gifta Mistral seg med Marie Rivière (1857–1943). Med unntak av eit opphald i Paris budde han i Maillane til sin død.

Mistral arbeidde for eit litterært og kulturelt sjølvstende for Provence i det – også kulturpolitisk – sentralstyrte Frankrike; frå starten av òg for politisk autonomi. Den framherskande franske klisjeen var at Provence var eit tilbakeståande område og denne oppfatninga freista Mistral å kjempe mot ved å finne tilknytingspunkt mellom den provencalske middelhavskulturen og overleveringar frå antikken. Eposa, dikta og forteljingane sine omsette han stort sett sjølv til fransk, noko som auka forståinga for saka hans på den parisiske litteraturscena, men som òg syner at Mistral levde i eit spenningsfelt mellom arbeidet for regional frigjering og avhengigheita av det sentraliserte kulturlivet.

Etter 20 års arbeid gav Mistral i åra 1879 til 1886 ut Lou tresor dóu Félibrige, ei ordbok over det provencalske språket. Verket dekker ei rekke provencalske dialektar.

I Lou Pouèmo dóu Rose («Rhônedikt») frå 1897 gir han uttrykk for svært pessimistiske kjensler, noko som kan skuldast den allmenne apokalyptiske stemninga på slutten av 1800-talet, men òg at han ikkje hadde klart å få gjennomslag for Félibrige-rørsla sine mål. Stilistisk høyer Lou Pouèmo dóu Rose til symbolismen og dekadansediktinga.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Minnesmerke i Arles
  • Mirèio (verse-epos, 1859)
  • Calendau (epos, 1867)
  • Lis isclo d’or (dikt og forteljingar, 1875)
  • La Raço Latino (dikt, 1879)
  • Lou tresor dóu Félibrige (ordbok over det nyprovensalske språket, 1879-1886)
  • Nerto (epos, 1884)
  • La rèino Jano (drama, 1890)
  • Lou Pouèmo dóu Rose (dikt, 1897)
  • Moun espelido, remòri e raconte («Minner og forteljingar», 1906)
  • Discours e dicho (prosa, 1906)
  • La genèsi, traducho en prouvençau (1910)
  • Lis Oulivado (dikt, 1912)
  • Prose d’almanach, (postumt, 1926, 1927-1930)

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Den chilenske forfattaren Lucila Godoy Alcayaga tok pseudonymet «Gabriela Mistral», blant anna av respekt for Frédéric Mistral. Ho fekk Nobelprisen i litteratur for 1945.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Richard Aldington: Introduction to Mistral. University Press, Carbondale, Ill. 1960.
  • Mario Chini: Federico Mistral (Profili; 39). Bietti, Mailand 1939.
  • Ralf Nestmeyer: Französische Dichter und ihre Häuser. Insel Verlag, Frankfurt/M. 2005, ISBN 3-458-34793-3.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «in recognition of the fresh originality and true inspiration of his poetic production, which faithfully reflects the natural scenery and native spirit of his people, and, in addition, his significant work as a Provençal philologist»
  2. Nobelpristildelinga 1904 på nobelprize.org

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Frédéric Mistral
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Frédéric Mistral