Frösön

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 63°11′27.319″N 14°31′28.603″E

Utsikt over Östersunds flyplass på Frösön.

Frösön er ei øy i innsjøen Storsjön i Sverige med eit areal på 41 kvadratkilometer. Ho er dermed den 27. største øya i Sverige og den største øya i landskapet Jämtland.[1]

Øya var i nærare tusen år hovudbyen i Jämtland, sentrum for handel og kommunikasjonar. Östersund overtok denne rolla fullt først då jarnbanen kom til Östersund i 1879. Frösön inngår no som ein del av Östersund kommune, men var eigen kjøpstad (köping) fram til 1970.

Frösön har tre brusamband, i aust med Östersund (Frösöbron), i søraust med Genvalla (Vallsundsbron) og i nordvest med Rödön (Rödöbron). Den høgaste åsen på Frösön, Östberget, er 468 moh (176 m over Storsjön). I søraust finst òg ein innsjø, Ändsjön.

Frösön er som mange andre stader rundt Storsjön oppkalla etter urnordiske gudar; guden Frös - øya til Frøy.

På Frösön fanst frå 900-talet tingplassen der Jamtamot vart halden, offerstader, og frå 1100-talet Frösö kyrkje, ein av dei mest populære bryllupskyrkjene i Sverige. I nærleiken av Frösö kyrkje låg frå 1679 Frösö Trivialskola som lenge var den einaste høgare lærestaden i Sverige på landsbygda. Skulen vart flytta inn til Östersund i 1847.

Frösöstenen er den nordlegast plasserte runesteinen og den einaste i Jämtland.

Vestre Frösön var i lang tid militært område, der låg Frösö leir og seinare F4 - Jämtlands flygflottilj, og der ligg no Östersund flyplass. Flybasen vart lagt ned 2005.

På slutten av 1800-talet flytta komponisten Wilhelm Peterson-Bergar til Frösön, og området er åstad for hans opera Arnljot som dreier seg om hendingar som skjedde for omtrent tusen år sidan. I dei siste femti år er Arnljot oppført som friluftsspel kvar sommar på Arnljotlägden ved heimen til Peterson-Berger (Sommarhagen), ei rekkje førestillingar ute i det fri med tidstypiske drakter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. De 50 största öarna - Statistiska centralbyrån

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Frösön - froson.com med bl. a. turistinformasjon og kart