Frøyfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hopsjøen ved Melandsjøen på Hitra i Dolmsundet ved Frøyfjorden

Frøyfjorden er ein fjord mellom øyane og kommunane Frøya og Hitra i Sør-Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 36 km frå vest til aust.

Fjorden har innløp i vest mellom Sletteringen fyr i nord og Morodden i sør. Det ligg særs mange holmar og skjer på kvar side av fjorden, men særleg på nordsida av Hitra. Dei vestlegaste av desse øyane vert kalla Bipøyan. Riksveg 714 kryssar den austlege delen av fjorden via den 5,3 km lange Frøyatunnelen. Tunnelen går frå Dolmøya på nordsida av Hitra og over til Hammarvika.

På Frøya ligg i tillegg bygdene Flatval og Titran ved fjorden. På Hitra har Frøyfjorden to sidefjordar, Straumfjorden i vest og Barmfjorden i aust.

I vest grensar fjorden mot Ramsøyfjorden og i aust mot den sørlege delen av Frohavet.

Fjorden er ikkje djup, berre vel 100 meter, men med særs laus og dårleg havbotn. Då Frøyatunnelen vart prosjektert og bygd på 90-talet måtte tunneltraseen endrast og heile tunnelen frysestøypast.