Frøylandsvatnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

: Sjå òg Frøylandsvatnet i Sandnes

Frøylandsvatnet
Frøylandsvatnet - Utsyn over Frøylandsvatnet. (Foto: Ranveig Thattai)
Utsyn over Frøylandsvatnet. (Foto: Ranveig Thattai)
Stad Klepp, Time (Rogaland)
Koordinatar 58°44′59″N 5°40′33″EKoordinatar: 58°44′59″N 5°40′33″E
Overflateareal 4,83 km²
Kystlengd1 24,10 km
Høgd over havet 24 moh
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Frøylandsvatnet er ein innsjø i landskapet Jæren. Grensa mellom kommunane Klepp og Time i Rogaland fylke går gjennom vatnet. Tettstadene Bryne, Klepp stasjon og Kvernaland ligg alle ved Frøylandsvatnet.

Som Frøyland, er vatnet kalla opp etter den norrøne guden Frøy.

Innhaldsliste

[endre] Økologi

Tidleg på 1980-talet blei innsjøen identifisert som eit av dei mest overgjødsla i Noreg. Giftige alger som voks på grunn av dette førte mellom anna til at fleire kyr som drakk av vatnet døydde. Aksjon Frøylandsvatnet blei danna for å jobba med problemet. Vatnet ligg midt i eit intensivt landbruksområde.

Utsleppa av næringsmiddel som nitrogen og fosfor er blitt reduserte, men oppsamla sediment i den grunne innsjøen gjer at tiltaka ikkje har hatt så stor verknad.

[endre] Kultur

[endre] Historie

Ei soge frå vikingtida fortel at Astrid frå Obrestad, svanger med Olav Tryggvason, gøymde seg på ein holme i vatnet då mannen hennar Tryggve Olavsson blei drepen i kamp og ho sjølv blei forfølgd av Eiriksønene. Ei segn seier at den framtidige kongen vart fødd på Lalandsholmen. Det er sett opp ein minnestein ved turvegen om dette.

[endre] Idrett

Frøylandsvatnet rundt er eit løp på 16,6 km som blir arrangert årleg. Det blir òg halde ulike rokonkurransar i sjølve vatnet. På vinteren, når tilhøva er gode, er det mogeleg å gå på skeiser frå Bryne til Kvernaland.

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk