Fragile av Yes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fragile
Studioalbum av Yes
Utgjeve 26 november 1971
Innspelt september 1971 i Advision Studios, London
Sjanger Progressiv rock
Lengd 41:11
Selskap Atlantic
Produsent Yes og Eddie Offord
Kritikk
Yes-kronologi
The Yes Album
(1971)
Fragile Close to the Edge
(1972)

Fragile er det fjerde albumet til det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i november 1971 i Europa og i januar 1972 i USA. Det er det første albumet til bandet med keyboardisten Rick Wakeman, etter at Tony Kaye forlet bandet sommaren 1971. Dette er òg det første Yes-albumet som Roger Dean laga coveret til, og kunstverka hans skulle nærast bli synonymt med Yes og progressiv musikk generelt på 1970-talet.

Albumet kom på fjerdeplass plass på Billboard 200 i USA, og på sjuande plass på UK Albums Chart i Storbritannia.[6]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

For første gongen nyttar bandet aktivt diverse lydeffektar, og lydbiletet blir prega av Eddie Offord sine «magiske» fingrar. Albumet består av fem individuelle låtar, der kvart enkelt bandmedlem presenterer talentane sine samt fire gruppelåtar. Rick Wakeman var av kontraktmessige årsaker hindra til å bidra som låtskrivar, men har heilt klart sett preget sitt på musikken. Utgjevinga vart utsett i to månader i USA på grunn av det gode salet av det førre albumet The Yes Album.

Albumet presenterer òg den episke komposisjonsstilen som Yes skulle bli så kjent for. Låtane «South Side of the Sky» og «Heart of the Sunrise» er gode døme på dette.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Roundabout»   Jon Anderson, Steve Howe 8:30
2. «Cans and Brahms» (Extracts from Brahms sin 4. symfoni i e-moll, 3. sats) Johannes Brahms, arrangert av Rick Wakeman 1:38
3. «We Have Heaven»   Anderson 1:40
4. «South Side of the Sky»   Anderson, Chris Squire 8:02
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Five Per Cent for Nothing»   Bill Bruford 0:35
2. «Long Distance Runaround»   Anderson 3:30
3. «The Fish (Schindleria Praematurus)»   Squire 2:39
4. «Mood for a Day»   Howe 3:00
5. «Heart of the Sunrise»   Anderson, Squire, Bruford 11:27
2003-utgåva
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
10. «America»   Paul Simon 10:33
11. «Roundabout» (Early Rough Mix) Anderson, Howe 8:35

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Ny-utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1988 – Atlantic – CD
  • 1994 – Atlantic – CD (Remaster)
  • 2001 – Japansk Limited Edition
  • 2003 – Rhino – LP & CD (Remaster med bonusspor)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eder, Bruce. Fragile av YesAllmusic. Henta 17. juli 2012.
  2. Christgau, Robert (March 2, 1972). «Consumer Guide (24): Yes: Fragile». Landsbyen Voice.  Relevant part posted in a revised version at «Yes: Fragile > Consumer Guide Album». robertchristgau.com. http://www.robertchristgau.com/get_album.php?id=4240. Henta 17. juli 2012. 
  3. Dahlen, Chris; Leone, Dominique; Tangari, Joe (February 8, 2004). «Pitchfork: Album Reviews: Yes: The Yes Album / Fragile / Close to the Edge / Tales from Topographic Oceans / Relayer / Going for the One / Tormato / Drama / 90125». pitchfork.com. Pitchfork Media. http://pitchfork.com/reviews/albums/11869-the-yes-album-fragile-close-to-the-edge-tales-from-topographic-oceans-relayer-going-for-the-one-tormato-drama-90125/#review-album-13614/. Henta 17. juli 2012. 
  4. Cromelin, Richard (March 16, 1972). «Yes Fragile > Album Review». Rolling Stone (104). Arkivert frå originalen den 1. okt. 2010. 
  5. Lechner, Ernesto (February 6, 2003). «Classically Trained!». Rolling Stone (915): s. 64. Arkivert frå originalen den 21. apr. 2009. 
  6. UK Albums Chart: Yes – Fragile