Framvaren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Framvaren
fjord
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Farsund
Kart
Framvaren
58°09′00″N 6°44′56″E / 58.15°N 6.7489°E / 58.15; 6.7489

Framvaren er ein terskelfjord i Farsund kommune med ei lengd på om lag 9 km. Han har innløp ved sundet Straumen frå Helvikfjorden, som ligg lenger sør. Straumen er berre 20-25 meter brei og over her går det ei vegbru. Får her strekker fjorden seg hovudsakleg nordover.

Den ytste delen av fjorden, like nord for Straumen, heiter Suttevikpollen. Denne delen av fjorden er om lag 1,5 km lang og i nordenden av pollen vert fjorden mykje vidare, over 1 km på det breiaste. Her går Frestadbukta inn vest til grenda Frestad. Største djupne omlag 175 meter.

Framvaren er omgjeve av fjell med ei høgd på over 300 meter over havet på det høgaste, og sidene av fjorden er relativt bratte.