François-Henri de Montmorency-Luxembourg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
François-Henri de Montmorency-Luxembourg

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 8. januar 1628
Paris
Død

4. januar 1695 (66 år)
Versailles

Yrke offiser
Språk fransk
Far François de Montmorency-Bouteville
Mor Elisabeth Angélique de Vienne
Ektefelle Magdalena van Tonnerre
François-Henri de Montmorency-Luxembourg på Commons

François Henri de Montmorency-Bouteville, duc de Piney, kalla de Luxembourg (8. januar 16284. januar 1695) var ein fransk general, marskalk av Frankrike, og kjend som ven og etterfølgjaren til den store Condé.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Faren vart avretta seks månader før François-Henri vart fødd for å ha delteke i ein duell mot marquis de Beuvron. Tanta hans, Charlotte de Montmorency, prinsesse av Condé, tok ansvaret for han og utdanna han i lag med sonen hennar, Duc d'Enghien. I lag med syskenbarnet delte dei suksessar og nederlag under problemtida kalla Fronden. Han reiste attende til Frankrike i 1659 vart tilgjeven og Condé klarte å få syskenbarnet gift med den største kvinnelege arvingen i Frankrike, Madeleine de Luxemburg-Piney, Princesse de Tingry og arving til hertugdømet Luxembourg (1661). Etter dette vart han Duc de Luxembourg og ein del av den franske adelen.

I starten av devolusjonskrigen (1667–68) hadde verken Condé eller Luxembourg noko kommando, men under det andre felttoget tente Luxembourg under Condé som generalløytnant i erobringa av Franche-Comté. Dei neste åra tente Luxembourg under Louvois, og i 1672 var han i overkommandoen mot nederlendarane. Han slo Prinsen av Oranien i Woerden, men vart stoppa ved Den hollandske vasslinja, og i 1673 gjorde han ein vidkjend tilbaketrekking frå Utrecht til Maastricht med berre 20 000 mann mot 70 000. For dette vart han plassert i første rekkje blant generalane.

I 1674 vart han kaptein for Garde du Corps og i 1675 marskalk av Frankrike. I 1676 vart han øvstkommanderande for Rhinen-armeen, men klarte ikkje å halde hertugen av Lorraine borte frå Philipsburg. I 1677 storma han Valenciennes og i 1678 slo han igjen Prinsen av Oranien, som gjekk til åtak mot han i St. Denis etter freden i Nijmegen. Han hadde no eit særs godt rykte og det ryktast at han krangla med Louvois, som klarte å få han involvert i «giftsaka» og fekk han sendt til Bastille.

I 1690, under niårskrigen, fekk Luxembourg kommando over den franske armeen i Dei spanske Nederlanda, og overtok for Louis de Crevant de Humières. Den 1. juli 1690 vann han ein stor siger over den allierte kommandanten til Vilhelm, Prinsen av Waldeck, i Fleurus. Året etter sigra han igjen i Leuze den 18. september 1691.

I det neste felttoget dekte han omleiringa av Namur i 1692, og slo Vilhelm i Steenkerque i 1692. Den 29. juli 1693 vann han den største sigeren sin i Neerwinden, og vart etter dette kalla le tapissier de Nôtre Dame, «Notre Dames tapetserer» for alle fanane han tok og hengde opp i katedralen. Han vart no hylla av alle i Paris utanom kongen, som mislikte alle slektningar av familien Condé.

Då han kom attende til Versailles for vinteren 1694 vart han sjuk og døydde. Som general var Luxembourg den beste eleven til Condé. Han hadde ein like slapp haldning til felttoga som det Condé hadde, men i slag var han full av inspirasjon og verken gløden til Vilhelm eller støheita til dei nederlandske og engelske soldatane kunne stå imot han. Sjølv om han ikkje var like dyktig som Condé og Turenne, var han langt dyktigare enn Tallard og Villeroi. Han var kjend for ei skarp tunge og d¨å Vilhelm skal ha sagt «eg klarar aldri å slå den forbanna pukkelryggen», skal han sagt, «korleis veit han om eg har ein pukkel? Han har aldri sett ryggen min.»

Ein av sønene hans, Christian Louis de Montmorency-Luxembourg (1675–1746), prince de Tingry, comte de Luxe, pair de France vart òg marskalk av Frankrike (1734).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «François-Henri de Montmorency, duc de Luxembourg» frå Wikipedia på engelsk, den 25. januar 2012.
  • Beaurain's Histoire militaire du duc de Luxembourg (Hague and Paris, 1756)
  • Mémoires pour servir a l'histoire du maréchal due de Luxembourg (Hague and Paris, 1758)
  • Courcelles, Dictionnaire des generaux français (Paris, 1823), vol. viii.
  • Desormeaux's Histoire de la maison de Montmorency (1764), vols. iv. and v.
  • Camille Rousset's Louvois
  • biography of Luxemburg by Count de Segur (1907)

Tekst frå Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.