François Clouet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrett av Frans I til hest, ca 1540

François Clouet (151522. desember 1572) var ein fransk målar under seinrenessansen, son til nederlendaren, målaren Jean Clouet.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

François Clouet var fødd i Tours og tok i 1541 over som hoffmålar for den franske kongefamilien etter far sin. Han var påverka av både Hans Holbein d.y. og Paris Bordone, og elles av den nederlandske kunststilen.

Mange av Clouet sine verk, til dømes Dame ved toalettbordet, viser også teikn av påverknad frå florentinsk kunst. Truleg hadde han vore i Italia. Teikningane hans var særleg detaljerte og måleria meir virtuose og gjennomarbeidde enn dei far hans laga.

Clouet måla portrett av kongane Henrik II, Frans I og Karl IX. Eit av hans meir kjende verk er portrettet av apotekaren Pierre Quthe, datert 1562, no i Louvre. Også det gåtefulle Diana i badet er mellom dei viktigaste verka hans.

Clouet naut stort ry i samtida gjennom å lyfte portrettkunsten og det forfina galante mytologiske måleriet til eit svært høgt nivå. Han døydde i Paris, få månader etter Bartolemeusnatta.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: François Clouet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon