François Fillon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
François Fillon

François Fillon (fødd 4. mars 1954) er ein fransk politikar og statsminister i Frankrike sidan 17. mai 2007.

Fillon vart fødd i Le Mans i departementet Sarthe. Han vart først valt inn i parlamentet for det konservative partiet Union pour un Mouvement Populaire (UMP) i 1981. Han var ordførar i kommunen Sablé-sur-Sarthe frå 1983 til 2001.

Han var statsråd frå 1993 til 1995. I 2002 vendte han tilbake til regjeringa som sosialminister fram til 2004, deretter utdanningsminister til 2005. Deretter vart han sett ut av regjeringa og vart valt som senator for departementet Sarthe. Han var politisk rådgjevar for Nicolas Sarkozy under presidentvalkampen hans. Då Sarkozy vart president utnevnde han Fillon som statsministeren sin.

Fillon er gift med Penelope Kathryn Clarke frå Wales. Dei har fem born.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: François Fillon