François-Joseph Gossec

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå François Joseph Gossec)
François-Joseph Gossec

François-Joseph Gossec, av Antoine Vestier.
Fødd17. januar 1734
FødestadVergnies i Nederland
Død16. februar 1829 (95 år)
DødsstadPassy i Frankrike
OpphavFrankrike
PeriodeKlassisismen
SjangerSymfoniar, solokonsertar, kammermusikk.
Verka somKomponist
PrisarRidder av Æreslegionen
François-Joseph Gossec, av Antoine Vestier.

François-Joseph Gossec (17. januar 173416. februar 1829) var ein fransk komponist som komponerte operaer, strykekvartettar, symfoniar og korverk.

Liv og verk[endre | endre wikiteksten]

Gossec var son av ein småbonde og vart fødd i landsbyen Vergnies i Hainaut, som då var i Frankrike og i dag i Belgia. Han synte tidleg ei interesse for musikk og vart korgut i Antwerpen. Han reiste til Paris i 1751 og kom under den store komponisten Jean-Philippe Rameau. Han følgde Rameau som dirigent for eit privatorkester halde av fermier général Le Riche de La Poupelinière, som var ein rik amatør og musikarvernar. Gossec bestemte seg gradvis for at han skulle gjere noko for å gjenoppfriske studiet av instrumental musikk i Frankrike.

Den første symfonien til Gossec vart framført i 1745 og som dirigent for orkesteret til prinsen av Condé produserte han fleire operaer og andre eigenkomponerte verk. Han påverka fransk musikk med stor suksess. I 1760 hadde han premiere på sitt Rekviem, eit stykke som var nitti minuttar langt og som vart kjend over natta. Stykket vart seinare beundra av Wolfgang Amadeus Mozart, som vitja Gossec under ei heller mislukka reise til Paris i 1778, og skildra han i eit brev til faren som «ein særs god ven og ein særs tørr mann».

Gossec grunnla Concert des Amateurs i 1770 og i 1773 omorganiserte han Concert Spirituel i lag med Simon Leduc og Pierre Gaviniès. I denne konsertserien presenterte han og dirigerte sine eigne symfoniar, samt andre sine, særleg verk av Joseph Haydn. Musikken til Haydn vart meir og meir populær i Paris og til slutt sjølv meir populære enn Gossec sine symfoniar. I 1780-åra skreiv Gossec færre symfoniar og konsentrerte seg om operaer. Han organiserte École de Chant i 1784, i lag med Etienne Méhul, var dirigent for bandet til Garde Nationale ved den franske revolusjonen og vart utpeikt (igjen med Méhul og Luigi Cherubini) som inspektør i Conservatoire de Musique då dette vart oppretta i 1795. Han var eit av dei originale medlemmene i Institut og ein chevalier i Æreslegionen. I 1815, etter at Napoleon tapte i Waterloo, vart konservatoriet lukka ein periode av Ludvig XVIII og den 81 år gamle Gossec måtte pensjonere seg. Fram til 1817 arbeidde han på det siste verket sitt, eit tredje Te Deum og fekk pensjon frå konservatoriet.

Han døydde i Passy, ein av forstadane til Paris. I gravferda møtte mellom andre fleire av hans tidlegare kollegaer, som Cherubini, ved gravplassen Père Lachaise i Paris. Grava hans ligg nær gravene til Méhul og Grétry.

Somme av teknikkane hans ser ut til å kome fleire av nyskapingane i romantikken i forkjøpet. Han skreiv ein Te Deum for 1200 songarar og 300 blåseinstrument, fleire oratorium, inkludert instruksjonar for fysisk skilje av fleire kor, mellom anna eit usynlege kor bak scenen. Han skreiv fleire verk til ære for den franske revolusjonen, mellom anna Le Triomphe de la République og L'Offrande à la Liberté.

Sjølv om dei fleste ikkje kjenner igjen Goessecs Gavotte ut i frå tittelen, er melodien kjend i USA og andre stader på grunn av arrangementet Carl Stalling nytta i fleire teiknefilmar av Warner Brothers.

Han var lite kjend utanfor Frankrike og dei mange musikkverka hans, både kyrkjelege og verdslege, vart overskugga av andre meir kjende komponistar. Han var likevel til inspirasjon for mange og viktig i gjenopptakinga av instrumental musikk.

Verk[endre | endre wikiteksten]

For orkester[endre | endre wikiteksten]

  • Sei sinfonie a più strumenti op. 4 (1759)
  • Sei sinfonie a più strumenti op. 5 (1761)
  • Six symphonies op. 6 (1762)
  • Six symphonies à grand orchestre op. 12 (1769)
  • Deux symphonies (1773)
  • Symphonie n° 1 (c. 1771-1774)
  • Symphonie n° 2 (c. 1771-1774)
  • Symphonie en fa majeur (1774)
  • Symphonie de chasse (1776)
  • Symphonie en ré (1776)
  • Symphonie en ré (1777)
  • Symphonie concertante en fa majeur n° 2, à plusieurs instruments (1778)
  • Symphonie en do majeur for blåseorkester (1794)
  • Symphonie à 17 parties en fa majeur (1809)

Kammermusikk[endre | endre wikiteksten]

  • Sei sonate a due violini e basso op. 1 (c. 1753)
  • Sei quartetti per flauto e violino o sia per due violini, alto e basso op. 14 (1769)
  • Seks quatuors à deux violons, alto et basse op. 15 (1772)

Vokal og korverk[endre | endre wikiteksten]

  • Messe des morts (Rekviem) (1760)
  • La Nativité, oratorium (1774)
  • Te Deum (1779)
  • Te Deum à la Fête de la Fédération for tre stemmer, mannskor og blåseorkester (1790)
  • Hymne sur la translation du corps de Voltaire au Panthéon for tre stemmer, mannskor og blåseorkester (1791)
  • Le Chant du 14 juillet (Marie-Joseph Chénier) for tre stemmer, mannskor og blåseorkester (1791)
  • Dernière messe des vivants, for fire stemmer, kor og orkester (1813)

Operaer[endre | endre wikiteksten]

  • Le tonnelier, opéra comique (1765)
  • Le faux Lord, opéra comique (1765)
  • Les pêcheurs, opéra comique en 1 act (1766)
  • Toinon et Toinette, opéra comique (1767)
  • Le double déguisement, opéra comique (1767)
  • Les agréments d'Hylas et Sylvie, pastorale (1768)
  • Sabinus, tragédie lyrique (1773)
  • Berthe, opera (1775, ikkje bevart)
  • Alexis et Daphné, pastorale (1775)
  • Philémon et Baucis, pastorale (1775)
  • La fête de village, intermezzo (1778)
  • Thésée, tragédie lyrique (1782)
  • Nitocris, opera (1783)
  • Rosine, ou L'éposue abandonnée, opera (1786)
  • Le triomphe de la République, ou Le camp de Grandpré, divertissement-lyrique en 1 acte, (Chénier) (1794)
  • Les sabots et le cerisier, opera (1803)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]