François Lemoyne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Takmåleri av François Lemoyne i Versailles

François Lemoyne eller François Le Moyne/Moine (16681737) var ein fransk målar under tidleg rokokko. Som kunstnar verka Lemoyne i Paris og Versailles. Han er kjend for elegante, lysfulle verk som takmåleriet i festsalen i Versailles-slottet, 'Apoteosen til Herakles' (1733–36) og kuppelfresken i Mariakapellet i Saint-Sulpicekyrkja i Paris (1731–32).


Lemoyne var fødd i Paris. I 1701, som trettenåring, byrja han ved det kongelege kunstakademiet der. Lemoyne blei verande fram til 1713 og studerte under Louis Galloche. I 1718 blei han vald til medlem av akademiet, og i 1733 blei han professor. Ein av elevane hans var François Boucher.

I 1711 vann Lemoyne den høgthengjande Prix de Rome. Prisen medførte eit studieopphald i Italia, som først fann stad i 1723 og varte nokre månader. Han blei særleg påverka av Rubens og venetiansk måleri. Barokkunstnaren Antoine Watteau var ein annan påverknad.

I 1727 deltok han i ei tevling for historiske måleri for akademimålarar halden av Louis-Antoine de Pardaillan de Grondin, greven av Antin og styraren for dei kongelege bygga. Han delte førsteprisen med konkurrenten Jean-François de Troy.

Rundt 1728 fekk Lemoyne i oppdrag av kong Ludvig XV å utsmykka taket i Herakles-salongen i Versailles. Då det «episke» måleriet av Herakles som blir gjort til gud stod ferdig i 1736 blei Lemoyne utnmend til premier peintre, 'førstemålar', ved hoffet.

Året etter tok målaren uventa livet av seg. Han skal ha blitt utmatta av kona sin død, intriger ved hoffet og overarbeid.

Biletdøme[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: François Lemoyne

Kjelder[endre | endre wikiteksten]