François Louis de Bourbon-Conti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
François Louis de Bourbon
Conti.jpg
Prinsen av Conti
Prinsen av La Roche-sur-Yon
Fødd 30. april 1664
Fødestad Hôtel de Conti i Paris i Frankrike
Død 9. februar 1709 (44 år)
Dødsstad Hôtel de Conti i Paris i Frankrike
Gift med Marie Thérèse de Bourbon
Far Armand de Bourbon, prins av Conti
Mor Anne Marie Martinozzi
Born Marie Anne de Bourbon
X de Bourbon
Prinsen av La Roche-sur-Yon
Louis Armand II, prinsen av Conti
Louise Adélaïde de Bourbon
Mademoiselle d'Alais
Louis François de Bourbon

François Louis de Bourbon, prinsen av Conti (30. april 16649. februar 1709) var prins av Conti, og overtok etter bror sin Louis Armand I av Conti i 1685. Fram til då nytta han tittelen Prinsen av Roche-sur-Yon. Han var son av Armand de Bourbon og Anne Marie Martinozzi, niesa til kardinal Jules Mazarin. Han er det mest kjende medlemmen av familien Bourbon-Conti, ei yngre grein av prinsane av Condé. Som medlem av det regjerande Huset Bourbon var han Prince du Sang.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Conti var protesjeen til onkelen Louis II de Bourbon de Condé «den store Condé» og han gifta seg med barnebarnet hans, Marie Thérèse de Bourbon (1666–1732), i 1688. Paret vart gifte i slottet i Versailles den 22. januar 1688. Conti hadde fleire utanomekteskaplege affærar med folk av begge kjønn, og dette skapte stor spaning og avstand i familien hans og gav han kallenamnet le Grand Conti.

Han tente i den franske armeen, men fekk aldri ein høgare rank enn generalløytnant. I 1689 følgde han den nære venen marskalk Luxembourg til Nederland og deltok i dei franske sigrane i Fleurus, Steinkirk og Neerwinden. Då syskenbarnet Jean Louis Charles, hertugen av Longueville (1646–1694) døydde, gjorde conti krav på fyrstedømet Neuchâtel mot Marie d'Orléans, hertuginne av Nemours, (1625–1707), systera til hertugen. Han klarte ikkje å få militærstøtte hos sveistarane, og kongen kommanderte at området gjekk til Marie, sjølv om Conti hadde retten på si side.

François Louis de Bourbon

I 1697 tilbaud Ludvig XIV han den polske krona, og etter å ha muta Abbé de Polignac vart han vald. 27. juni 1697 vart han formelt erklært konge av Polen av kardinal Radziejowski. Conti reiste heller motvillig til det nye kongedømet sitt og då han nådde Danzig, hadde rivalen hans August II, kurfyrsten av Sachsen, alt teke over den polsk krona. Conti vende attende til Frankrike, der han vart teken imot av Ludvig. Etter at den franske armeen hadde mislukkast i dei tidlege åra av den spanske arvefølgjekrigen måtte Ludvig setje Conti, til å kommandere soldatane i Italia.

I hoffet var Conti ofte involvert i produksjonen av skodespel og støtta Illustre Théâtre, truppen til Molière, økonomisk i den tidlege karrieren deira. Conti levde livet og under ei burdsdagsfeiring for kongen på slottet i Versailles pådrog han seg syfilis frå ei prostituert kvinne, noko han førte vidare til kona si og som skulle påverka han dei siste åra av livet sitt. Lite var kjend om sjukdommen på denne tida, og han trudde han var straffa av Gud for det nære samarbeidet med skodespelarar og musikarar, som vart sett på som botnen av det franske samfunnet på denne tida. Han trekte derfor attende den økonomiske støtta og gjekk inn i Compagnie du Saint-Sacrement.

Han vart sjuk før han nådde slagmarka og døydde den 9. februar 1709. Han døydde av ein kombinasjon av gikt og syfilis.

Den eldste sonen hans tok over som prins av Conti, Louis Armand de Bourbon (1696–1727).


Kjelder[endre | endre wikiteksten]