Francesco Primaticcio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Valdtekta av Helena, 1530-39
Odyssevs og Penelope, 1563

Francesco Primaticcio (30. april 15041570) var ein italiensk målar, skulptør og arkitekt som arbeidde i Frankrike. Arbeida hans vert rekna til stilretninga manierismen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Primaticcio var frå Bologna. Han var fyrst lærling hos Innocenzo da Imola. Deretter gjekk han i lære hos Giulio Romano og medverka då denne dekorerte Palazzo del Tè i Mantova. Han fekk så i 1532, saman med Rosso Fiorentino, oppdrag av Frans I av Frankrike i å delta i utsmykkinga av Fontainebleau. Ballsalen i Fontainebleau er Primaticcio sitt mest omfattande arbeid. Han arbeidde også som arkitekt, og laga teikningar til delar av slotta Fontainebleau og Saint Germain. Dessutan laga han planen til huset Valois sitt gravkammer i klosterkyrkja Saint-Denis.

Primaticcio hadde også stor innverknad på fransk bilethogging, til dømes slutta skulptøren Germain Pilon heilt opp om stilen hans. Under ei reise i Italia kjøpte Primaticcio, på franskekongen si rekning, opp dels antikke originalskulpturar, dels gipsavstøypingar etter berømte klassiske skulpturar. Desse vart så nytta til å lage prektige bronsefigurar.

År 1559 var han styrar for dei kongelege bygningane. Etter Rosso Fiorentino var død, utøvde han eit reint diktatur innan fransk kunst.

Som ein sann renessansekunstnar sysla Primaticcio også med dekorasjonsmåling, gullsmedkunst, møbeldesign, ornamentering og portrettmåling.

Han døydde i Paris i 1570.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Francesco Primaticcio