Francesco Salviati

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Francesco Salviati

Statsborgarskap Hertugdømmet Firenze
Fødd 1510
Firenze
Død

11. november 1563 (53 år)
Roma

Yrke kunstmålar, teiknar, designar
Sjanger portrett
Francesco Salviati på Commons

Francesco Salviati (15101563) var ein italiensk målar frå Firenze, som også var mykje aktiv i Roma. Saman med Michelangelo, Rafael og Giulio Romano utvikla Salviati i Roma renessansemåleriet i retning av manierismen. I tillegg til sine freskomåleri og portrett, var han etterspurd i andre samanhengar, mellom anna danna mange av teikningane og figurstudiane hans mønster for florentinske teppeprodusentar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Camillus straffar vranglæraren frå Falerii, 1543-45
Mannsportrett, 1544-48

Salviati var fødd i Firenze. Han var lærling hos Giuliano Bugiardini, Baccio Bandinelli, Raffaele Brescianino, og til sist hos Andrea del Sarto i åra 1529-30. Rundt 1531 reiste han til Roma, ein by mange målarar hadde rømt frå under plyndringa av Roma i 1527. Her møtte han Giorgio Vasari, dei to vart vener for livet. Han hjelpte Vasari med å fullføre freskoane over Johannes Døyparen og hans liv, eit utsmykkingsoppdrag bestilt av kardinal Giovanni Salviati i Palazzo Salviati. Det er gjennom si tilknyting til kardinalen at han sjølv nytta same etternamnet. I Roma fekk han høve til å studere arbeid av Michelangelo, Rafael og Giulio Romano, noko som fekk innverknad på dei måleria han skulle kome til å lage.

Åra 1533-35 måla Salviati freskobiletet Bodskapen i San Francesco a Ripa-kyrkja i Roma. Den modne stilen hans har manieristiske konturar og samanklemde figurscenar, mykje like dei som Giulio Romano framstilte. I 1538 samarbeidde Salviati med Jacopino del Conte om å fullføre ein fresko over Marias besøksdag, for ein florentinsk orden som arbeidde med personar som skulle avrettast. I Bologna måla han i 1540 jamsides Vasari og var så ei kort tid i Venezia, der han måla fresko-dekorasjonar i antikk stil i Palazzo Grimani. I løpet av desse åra fekk stilen hans innslag som minner om Parmigianino. Mange av portrettmåleria hans har elles vorte forveksla med Agnolo Bronzino sine. Salviati forma også innreiingar til slott og palass, kyrkjer og kloster i norditalienske byar som Venezia, Bologna, samt heimbyen Firenze.

Kringom 1543-45 var Salviati i Firenze, der han arbeidde for Cosimo I de' Medici og fullførte eit freskomåleri som lovpriste Medicifamilien; Camillus triumf i Palazzo Vecchio. Han designa også veggteppe for det nyleg etablerte Arazzeria, inkludert Ecce homo, Oppstode og Josef tolkar faraos draumar. I 1547/48 måla han ei altartavle til kyrkja Santa Croce. Temaet, som under seinrenessansen var eit fast emne for målarar, er handtert i samanklemt og på komplekst vis. Han var ei stund i Frankrike, der han i 1555-57 arbeidde på fyrsten Karl av Lorraine sitt slott 'Château de Dampierre'.

Jamt var han i Roma, både i kortare og lengre tid. I tida mellom 1548 og 1563 reiste Salviati ofte til Roma for å fullføre ulike freskomåleri, som Bryllaupet i Kana i eit bedekammer, Johannes Døyparens fødsel i eit kloster, samt eit tilsvarande i Palazzo della Cancelleria.

Han døydde i Roma, 53 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]