Francis Quarles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Francis Quarles

Francis Quarles (8. mai 15928. september 1644) var ein engelsk poet mest kjend for ei bok om emblem med den passande tittelen Emblems.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Quarles var ein av åtte barn av ekteparet James Quarles og Joan Dalton. Han vart fødd i Romford, i dag London Borough of Havering i grevskapet Essex. Den eldste broren, Robert, blei slått til ridder av kong Jakob I.

Frå 1608 studerte Francis Quarles ved Christ’s College, University of Cambridge. I 1618 gifta han seg med Ursula Woodgate og saman fekk dei atten born. Sonen John Quarles (1624-1665) var òg forfattar.

Den mest kjende boka til Quarles, Emblems, blei første gong publisert i 1635. Den er utstyrt med groteske illustrasjonar av gravøren William Marshall og andre. Kvart «emblem» er bygd opp av ein parafrase over eit bibelord uttrykt i eit blomstrande språk rikt på metaforar, etterfølgd av skriftord frå dei tidlege kyrkjefedrene og avslutta med eit epigram på fire linjer.

Emblema var svært populære bland vanlege folk, men kritikarane på 1600- og 1700-talet, til dømes Alexander Pope, var nådelause mot Quarles.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Verk[endre | endre wikiteksten]

Originalutgåver i utval[endre | endre wikiteksten]

  • A Feast for Wormes. Set forth in a Poeme of the History of Jonah (1620)
  • Job Militant, with Meditations Divine and Moral (1624)
  • Sions Elegies, wept by Jeremie the Prophet
  • Sions Sonets sung by Solomon the King
  • ' 'The Historic of Samson (1631)
  • Alphabet of Elegies upon ... Dr Aylmer (1625)
  • Argalus and Parthenia (1629)
  • Divine Fancies digested into Epigrams, Meditations and Observations (1632)
  • Alphabet of Elegies as Divine Poems (1633)
  • Hieroglyphikes of the Life of Man (1638)
  • Memorials Upon the Death of Sir Robert Quarles, Knight (1639); til ære for bror sin
  • Enchyridion, containing Institutions Divine and Moral (1640-41)
  • Observations concerning Princes and States upon Peace and Warre (1642)
  • The Loyal Convert, The Whipper Whipt, og The New Distemper (1644)