Frankétienne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frankétienne
Foto: Jean Laposte

Frankétienne, eigentleg Franck Étienne, (fødd 12. april 1936) er ein haitisk forfattar, lyrikar, dramatikar, musikar og målar. Han har skrive både på fransk og haitisk. Som målar er han kjend for dei fargerike abstrakte verka sine, der blått og raudt ofte er framtredande fargar.

Han var nominert til nobelprisen i litteratur i 2009.

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

  • Au Fil du Temps (diktsamling).
  • Ultravocal (roman).
  • Pèlin Tèt (skodespel skrive på haitisk).
  • Dézafi (roman, den aller fyrste som vart skriven på haitisk[1]).
  • Mûr à Crever (roman).
  • Les Affres d'un Défi (roman).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Patricia Schutt-Ainé: Haiti. A Basic Reference Book (Miami i USA: Staff of Librairie Au Service de la Culture, 1994), s. 103.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]