Frank Jenssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frank Jenssen

Frank Jenssen
Foto: Kjetil Ree
Fødd11. august 1969 (54 år)
Levanger kommune
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, embetsmann, kommunikasjonsrådgiver
Utdanna vedNoregs teknisk-naturvitskaplege universitet
VervFylkesmann i Trøndelag 2018–
VervStortingsrepresentant 2013–2017
VervStatssekretær i Kommunal- og regionaldepartementet 20. oktober 2003–17. oktober 2005
VervLeiar av Sør-Trøndelag Høgre 2001–2008
FøregangarMichael Momyr
EtterfylgjarLinda Hofstad Helleland
Alle verv

Frank Josef Jenssen (fødd 11. august 1969 i Trondheim) er ein norsk tidlegare politikar for Høgre. Den 13. januar 2017 blei han utnemnd til fylkesmann i Trøndelag, som blei eit nytt fylkesmannembete 1. januar 2018 etter at Nord- og Sør-Trøndelag vart slått saman.[1]

Jenssen var innvald på Stortinget frå Sør-Trøndelag frå 2013 til 2017. Her han medlem i Kommunal- og forvaltingskomitéen.[2]

Han begynte sin politiske karriere som formann i Trondheim Unge Høgre 1990–1992, medlem av Unge Høgres sentralstyre 1992–1996 og 2. nestleiar i Unge Høgre 1994–1996.[3] Han var vidare valkampsekretær i Sør-Trøndelag Høgre, politisk sekretær for ordførar Marvin Wiseth, gruppesekretær for Oslo Høgres bystyregruppe samt informasjonssjef i Høgres Hovudorganisasjon framfor stortingsvalet 2001.[4] Jenssen var medlem av Trondheim bystyre i åra 1992–2003 og 2005–2008; kommunalråd og gruppeleiar 1998–2003 og 2005–2008 samt fungerande varaordførar 2001–2002.[5] Jenssen var forøvrig leiar i Trondheim Høgre 1997–2001, leiar i Sør-Trøndelag Høgre 2001–2008 samt statssekretær i Kommunal- og regionaldepartementet 2003–2005. I 2008 søkte han fritak frå sine politiske verv på grunn av manglande motivasjon.[6] Fire år seinare blei han nominert som Høgres 2. kandidat til Stortinget frå Sør-Trøndelag ved stortingsvalet 2013.[7][8]

Jenssen har studiekompetanse frå Adolf Øiens skole og mellomfag i statsvitskap og diverse samfunnsfag frå NTNU.[5] Han var dagleg leiar og seniorrådgjevar i Røe kommunikasjon 2008–2010, og blei i 2010 kommunikasjonsdirektør i Arbeidstilsynet.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ny Fylkesmann i Trøndelag». Kommunal- og moderniseringsdepartementet. 13. januar 2017. Henta 23. juni 2017. 
  2. Biografi hjå Stortinget
  3. «Frank Jenssen». Høyre. Henta 16. september 2012. 
  4. «Frank Jenssen ny informasjonssjef». Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste. Arkivert frå originalen 31. oktober 2013. Henta 16. september 2012. 
  5. 5,0 5,1 «Skifte av statssekretær i Kommunal- og regionaldepartementet». Statsministerens kontor. 17. oktober 2003. Henta 16. september 2012. 
  6. Rise, Mari By; Ellingsen, Lajla (7. februar 2008). «Høyre-topp trekker seg». Adresseavisen. Arkivert frå originalen 4. november 2013. Henta 16. september 2012. 
  7. Rise, Mari By (15. september 2012). «Frank Jenssen på vei til Stortinget». Adresseavisen. Henta 16. september 2012. 
  8. Tøhaug, Pia; Ramfjord, Ole Johan (13. oktober 2012). «Marvin Wiseth tilbake i politikken». NRK Trøndelag. Henta 15. oktober 2012. 
  9. «Pressemelding: Ny kommunikasjonsdirektør i Arbeidstilsynet». Arbeidstilsynet. 7. oktober 2010. Arkivert frå originalen 1. november 2013. Henta 16. september 2012.