Frankenthal
| Frankenthal | |
|---|---|
| Rådhuset | |
| Byvåpen | Plassering |
| Styresmakter | |
| Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Rheinland-Pfalz Kreisfri by |
| Geografi | |
| Flatevidd - By |
43.78 km² |
| Innbyggjarar - By (2006-12-31) |
46938 |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Høgd over havet | 96 m |
| Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
| Diverse annan informasjon | |
| Postnummer | 67227 |
| Telefon-retningsnummer | 06233 |
| Bilnummer | FT |
| Nettstad: www.frankenthal.de | |
Frankenthal er ein by i regionen Pfalz i den tyske delstaten Rheinland-Pfalz. Byen ligg ca 4 km vest for Rhinen, midt mellom byane Worms og Ludwigshafen, ved ein av sideelvane til Rhinen, Isenach. Han har opp under 50 000 innbyggjarar.
Historie [endre]
Staden heitte opphavleg Franconodal, og vart første gongen omtalt i 772. Namnet viser til ein frankisk busetjing frå slutten av 400-talet. Framvoksteren til byen tok for alvor til på 1100-talet, etter at Erkenbert, ein adelsmann frå Worms, grunnla eit augustinsk stift på staden i 1119. Dette stiftet utvikla seg raskt til eit næringsmessig og kulturelt sentrum i regionen. Frankenthal fekk offisiell status som by i 1577.
Mellom slutten av 1500- og byrjinga av 1600-talet, i forkant av trettiårskrigen, vart Frankenthal utbygd til den sterkaste festninga på vestsida av Rhinen i kurfyrstedømet Pfalz. Men i 1689, under niårskrigen, vart byen sett i brann av franske troppar og nestan fullt øydelagt.
Ein porselensfabrikk som starta opp i 1755 vart avvikla igjen etter 45 års drift, men produkta frå denne er enno etterspurte som verdifulle antikvitetar. Mellom 1770 og 1773 vart dei to byportane Worms-porten (Wormser Tor) og Speyer-porten (Speyerer Tor) bygt, og desse er enno verna.
Frå 1798 til 1815, i kjølvatnet av revolusjonskrigane, var Frankenthal under fransk styre. Deretter tilfall byen, saman med resten av Pfalz vest for Rhinen, kongedømet Bayern.
Under andre verdskrigen vart rundt 90 % av bykjernen øydelagt i eit bombeåtak 23. september 1943.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Frankenthal» frå Wikipedia på bokmål, den 21. januar 2012.