Frankeringsmaskin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Frankeringsmaskin er ei maskin som trykkjer frankering på brev og pakkar i staden for bruk av frimerke. Firma med mykje korrespondanse nyttar oftast slike. Frankeringsmaskinene har forsegla telleverk, så portoen firmaet brukar vert fakturert etterskotsvis.

Firma kan anten bruke maskinene slik dei er, eller få laga og sett inn stempel med eigen firmalogo i tillegg til porto.