Franklin D. Roosevelt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Franklin Delano Roosevelt)
| Franklin Delano Roosevelt | |
| President for Sambandsstatane (USA) | |
| Regjeringstid | 4. mars 1933–12. april 1945 |
|---|---|
| Fødd | 30. januar 1882 i Hyde Park i staten New York |
| Død | 12. april 1945 (63 år) i Warm Springs i staten Georgia |
| Føregjengar | Herbert Hoover |
| Gift med | Eleanor Roosevelt |
Franklin Delano Roosevelt (30. januar 1882–12. april 1945) var ein politikar og president i USA. I kortform vert han ofte omtala berre som «FDR». Han er mest kjend for New Deal-programmet og for å ha leia USA gjennom andre verdskrigen. Roosevelt er den einaste presidenten i USA som har vunne fire presidentval.
Han fekk diagnosen polio då han var 39 år. Etter dette kunne han ikkje gå på eiga hand, og måtte mykje bruka rullestol. Roosevelt døydde like før krigen var over. Visepresident Harry S. Truman vart ny president.
Bakgrunnsstoff [endre]
|
Originaltekst av Franklin D. Roosevelt ved Wikisource. |