Frankolinar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frankolinar


Gulstrupefrankolin, Francolinus leucoscepusFoto: Gary M. Stolz
Gulstrupefrankolin, Francolinus leucoscepus
Foto: Gary M. Stolz

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Galliformes
Familie: Phasianidae
Slekt: Francolinus

Frankolinar er fuglar som tradisjonelt har vore plassert i slekta Francolinus. Dei er medlemmar av fasanfamilien, Phasianidae. Når alle er halde i éi slekt, er dette den mest varierte slekta av hønsefuglar, Galliformes, og har klårt flest medlemmer. Fleire autoritetar deler inn frankolinar i seks grupper eller slekter, men Clementslista samlar 40 artar i ei slekt per versjon 6.8 frå desember 2013.

Frankolinar er bakkelevande fuglar som lever av insekt, vegetabilsk materie og frø. Dei fleste av medlemmene har nedbøygd øvre nebb, fjorten halefjører og hos mange artar har hannen spor på tarsen.[1] Av dei rundt 40 nolevande artar, er fem avgrensa til Asia, medan alle andre er avgrensa til Afrika[2].

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Tolv av artane som finst i Afrika finst i regionen i det sørlege Afrika, og av desse, finst sju i varierande mengder innanfor dei politiske grensene i Namibia. Seks sørlege afrikanske frankolinar blir rekna som endemiske til subkontinentet, av dei er tre funne i Namibia: steinfrankolin, brillefrankolin og grasfrankolin. Kappfrankolin er endemisk til Kapp-provinsen i Sør-Afrika, og finst marginalt i det sørlege Namibia. Ein fossil frankolin, Francolinus capeki, har vorte skildra frå sein pliocen-førekomstar i Ungarn.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Frankolinar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013 [3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [4]

Slekt Francolinus





Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. B P Hall (1963) The Francolins, a study in speciation. Bulletin of the British Museum 10(2):105-204 Scan
  2. McGowan, P. J. K (1994). «Francolins (genus Francolinus)». I Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D.. New World Vultures to Guineafowl. Handbook of the Birds of the World. Band 2. Barcelona: Lynx edicions. ss. 489-504. ISBN 84-87334-15-6. 
  3. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 12. juni 2014 
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]