Franks Casket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei hending frå myten om smeden Volund er skildra på venstre halvparten av framsida av Franks skrin.
Nærbilete av Volundscena på Franks skrin.
Scenen på biletsteinen frå Ardre som syner smia med to hovudlause lik etter at smeden Volund har laga drikkebegre av hovudskallane, skildra i Volundkvadet. Eit lik ligg òg i smia på frontplata av Franks skrin.
Biletsteinen frå Ardre med Volund-scenen. Denne scenen er å sjå under høgre halvparten av skipet på den nedre parten av steinen, og inngår altså utan avgrensingar i eit større biletkompleks. Det øvste biletet på steinen syner truleg guden Odin, ettersom hesten har åtte bein, slik Odins hest Sleipne hadde ifølge Snorre Sturlasons Edda. Steinen har ingen runeinnskrift som kan gje opplysningar om bileta.

Franks Casket (Franks skrin), som òg vert kalla Auzon Runic Casket, er det moderne namnet på eit 22.9 cm lang, 19 cm breitt og 10.9 cm høgt skrin av kvalbeinplater som er dekte på utsida med utskorne bilete i relieff og med tilhøyrande innskrifter i anglo-saksiske runer og latinske bokstavar. Ein reknar med at det er laga i Northumbria i England i det åttande hundreåret, men hadde etter ei ukjend forhistorie hamna hos ein bondefamilie i landsbyen Auzon i distriktet Haute Loire i Frankrike. På tysk vert skrinet som oftast kalla Runenkästchen von Auzon (runeskrinet frå Auzon) og tilsvarande på fransk, Coffret d'Auzon eller Coffret runique d'Auzon.

Namnet «Franks skrin» er ein honnør til briten Sir Augustus Wollaston Franks, som fekk kjøpt skrinet etter at det var sett til sals som løyse plater i ein antikvitetsbutikk i Paris, og i 1867 donerte det til British Museum i London. På lokket var felta langs langsidene brekt av, og det som kan ha vore der opplysande innskrifter, til liks med dei som finst langs randa på andre av platene, har gått tapt. Den høgre sideplata fylgde heller ikkje med; plata vart seinare funne på garden og innkjøpt av Museo nazionale del Bargello i Firenze.

Skrinet er interessant i skandinavisk samanheng av di det på frontplata finst ein scene som kan kjennast att frå både soga om den mytiske meistersmeden Volund som er skildra i Volundkvadet (Volundarkviða) i Den eldre Edda, og frå ein av scenene på ein førkristen biletstein som har fått namnet «Ardre kyrka (VIII)», funnen under golvet i Ardre kyrkje på den svenske øya Gotland i Austersjøen. Denne biletsteinen er tidfesta til 700 – 800 e.Kr.

På Franks skrin er scenen frå myten om Volund kombinert med ein scene som syner dei tre vismennene, magerane, på vitjing hjå Maria og Jesus, poengtert ved at det over hovudet på dei er skrive «mager» med runer. Elles syner andre bilete på skrinet både dei mytiske tvillingane Romulus og Remus, kjende frå mytane om grunnlegginga av byen Roma, den fyrste jødisk-romerske krigen (båe er identifiserbare på grunn av innskrifter), og andre hendingar som er vanskelege å tolke.

Kva slags autoritet skrinet vart laga for, kva det har vorte nytta til, og korleis dei ulike scenene skal tolkast i høve til den openberre kristne scena med Jesus, Maria og magerane, er framleis uløyste spørsmål som mange har freista gje svar på.

Fotografi av Franks Casket[endre | endre wikiteksten]

Utvald litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Hoftun, Oddgeir. 2016. Nordiske og fellesgermanske hedenske motiver i middelalderens engelske kristne herskerpropaganda : bildene på steinkorset Gosforth Cross og skrinet Franks Casket, Oslo: Kolofon Forlag. ISBN 978-82-300-1417-2
  • Findell, Martin. 2014. Runes. London: British Museum Press. ISBN 978-0-7141-8029-8
  • Webster, Leslie. 2012. The Franks casket. London: British Museum Press. ISBN 978-0-7141-2818-4