Frans II av Det tysk-romerske riket
| Frans II av Det tysk-romerske riket | |
Frans som keisar av Austerrike. Måleri frå 1832 av Friedrich von Amerling. |
|
| Føregjengar | Leopold II |
|---|---|
| Etterfølgjar | Ferdinand I |
| Far | Leopold II (1747–1792) |
| Mor | Maria Luisa av Spania (1745–1792). |
Franz II Joseph Karl (12. februar 1768–2. mars 1835) var keisar av Det tysk-romerske riket frå 1792 til 1806, og som Franz I keisar av Austerrike frå 1804 til han døydde i 1835. Han er også kjend som Franz av Habsburg. Frans II blei den siste tysk-romerske keisaren då han under press frå Napoleon avvikla Det tysk-romerske riket i 1806.
Som leiar for ein stor og multietnisk nasjon følte han seg truga av Napoleon sin retorikk om fridom og likskap i Europa. Han gjekk inn i dei franske revolusjonskrigane og blei slått av Napoleon. Ved traktaten i Campo Formio måtte han avstå området vest for Rhinen til Frankrike i bytte mot Venezia og Dalmatia. Han kjempa mot Frankrike att under den andre koalisjonen, men etter å ha blitt slått ved Austerlitz måtte han gå med på traktaten i Lunéville, som oppløyste Det tysk-romerske riket etter at det hadde vore til i kring tusen år, svekka kronlandet Austerrike og desentraliserte Tyskland.
I 1809 gjekk Frans nok ein gong til åtak mot Frankrike, og håpte då å dra fordel av konflikten Napoleon var inne i i Spania. Han blei slått igjen, og blei tvinga til å alliera seg med Napoleon, avstå territorium, slutta seg til det kontinentale systemet og gifta vekk dottera Maria Luise til han. I røynda blei han gjort til ein vasall under keisaren av Frankrike. Napoleonskrigane svekka Austerrike drastisk og reduserte prestisjen til landet, noko som seinare ville hjelpa Preussen til å sigra i kampen om å dominera Tyskland.
I 1813 gjekk Austerrike mot Frankrike for fjerde gong, og slutta seg til koalisjonen av England, Russland og Preussen i deira krig mot Napoleon, Austerrike spelte ei stor rolle i det endelege nederlaget til Frankrike under Napoleon, og som anerkjennelse av dette var det austerrikarane, representert ved Klemens von Metternich, som leidde Wienkongressen og bidrog til å danna den europeiske konserten og den heilage alliansen, og leia verdsdelen inn i en ny æra av konservatisme og reaksjon.
Familie [endre]
Frans II var son av den tysk-romerske keisaren Leopold II (1747–1792) og Maria Luisa av Spania (1745–1792).
Han var gift fire gonger
- 6. januar 1788, med Elisabeth av Württemberg (21. april 1767–18. februar 1790), som døydde etter å ha fødd dottera Ludovika (1790–1791)
- 15. august 1790, med Maria Theresa av Napoli-Sicilia (6. juni 1772–13. april 1807), som han fekk tolv barn med, inkludert etterfølgeren Ferdinand I og den franske keisarinna Marie-Louise
- 6. januar 1808, med Maria Ludovika av Austerrike-Este (14. desember 1787–7. april 1816)
- 29. oktober 1816, med Karoline Charlotte Auguste av Bayern (8. februar 1792–9. februar 1873)
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Frans II av Det tysk-romerske rike» frå Wikipedia på bokmål, den 5. november 2012.