Franz Kafka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Franz Kafka

Nasjonalitet  Austerrike-Ungarn
Statsborgarskap Cisleithania, Tsjekkoslovakia
Fødd 3. juli 1883
Prag i Bøhmen
Død

3. juni 1924 (40 år)
Kierling, nær Klosterneuburg ved Wien

Yrke Forfattar
Språk tysk, tsjekkisk
Sjanger modernisme, belles lettres, novelle, lignelse, roman, kortprosa
Religion Jødedommen
Far Hermann Kafka
Mor Julie Kafka
Signatur
Franz Kafka på Commons

Franz Kafka (3. juli 18833. juni 1924) var ein tyskspråkleg forfattar frå Prag (Praha), hovudstaden i kongeriket Böhmen som då var ein del av Austerrike-Ungarn. Han er kjend som ein av dei store skikkelsane innan litteraturen på 1900-talet med verk som blander realisme med fantastiske element.[1] Det best kjende verket hans er romanen Der Process (‘Prosessen’). Romanen skildrar ein person som er utsett for uklåre skuldingar av eit ugjennomtrengeleg rettssystem. Av dette kjem nemninga Kafka-prosess.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Kafka vart fødd i 1883 i ein tyskspråkleg jødisk familie i Prag (Praha) i Bøhmen, på den tida ein del av Austerrike-Ungarn, i dag hovudstad i Tsjekkia. Faren var ein Galanteriewaren-handelsmann, Hermann Kafka (1852-1931), og mora var Julie Kafka, fødd Löwy (1856-1934). Frå 1889 til 1893 gjekk Kafka på Deutsche Knabenschule ved Fleischmarkt i Praha og tok sin Matura i 1901. Han byrja å studera jus, og avla sin eksamen i 1906. Deretter arbeidde han for eit forsikringsselskap. Samstundes skreiv han på fritida. I 1917 vart han ramma av tuberkulose.

Kafka sitt tilhøve til den dominerande far sin var eit viktig tema i arbeida. I 1923 flytta han til Berlin i von om å koma vekk frå familien sin påverknad, og konsentrera seg om å skriva. Sjukdommen vart likevel verre, og han reiste attende til Praha. Han vart seinare innlagd på eit sanatorium i nærleiken av Wien. Her døydde han den 3. juni 1924. Han vart gravlagd i Neue Synagoge i Praha.

Kafka si grav

Kafka publiserte berre nokre få korte historier medan han levde, som berre utgjorde ein liten del av arbeidet. Han fekk difor ikkje stor merksemd i si levetid. Før han døydde, bad han venen og forleggjaren Max Brod og hans elskarinne Dora Dymant om å øydeleggja alle manuskripta hans. Dymant øydela lojalt dei manuskripta ho hadde, men Brod fylgde ikkje Kafka sine instruksar, og valde i staden å publisera dei.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Korte forteljingar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Romanar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Spindler, William (1993). «Magical Realism: A Typology» (PDF). Forum for Modern Language Studies XXIX (1): 90–93. doi:10.1093/fmls/XXIX.1.75.  Mal:Subscription needed

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Franz Kafka