Franz Marc

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Franz Marc

Franz Marc i 1910
Statsborgarskap Det tyske keisardømet
Fødd 8. februar 1880
München
Død

4. mars 1916 (36 år)
Braquis, Verdun

Yrke kunstmålar, illustratør, grafikar, grafikar, biletkunstnar
Sjanger dyremåleri, abstrakt kunst, sjangerkunst, landskapsmåleri, stilleben, akt
Medlem av Der Blaue Reiter
Far Wilhelm Marc
Ektefelle Marie Schnür, Maria Marc
Signatur
Franz Marc på Commons

Franz Marc (8. februar 18804. mars 1916) var ein tysk ekspresjonistisk målar. Han er særleg kjend for sine mange hestemotiv, og sin kraftige fargebruk. Faren, Wilhelm Marc, var ein profesjonell landskapsmålar som underviste ved kunstakademiet i München.

Tårnet av blå hestar, 1911
Rådyr i skogen, 1914
Tiger

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Franz Marc var fødd i München, og studerte ei tid filosofi og teologi ved universitetet i heimbyen, målet var å verte prest. Han voks opp i ein religiøs heim; mora var ein strikt kalvinist, og faren ein katolikk som hadde gått over til protestantismen. Marc fekk såleis ei protestantisk oppfostring i eit elles katolsk Bayern.

Under sitt år som vernepliktig lærde Marc seg å ride, og utvikla den kjærleiken til hestar som seinare så sterkt skulle kome til å prege kunsten hans. Omkring den tid var det han bestemte seg for verte kunstnar. Han byrja då i 1900 å studere ved Akademie der Bildenden Künste i München, og fekk der ei solid og grunnleggande utdanning som vart avslutta i 1903.

Åra 1903 og 1907 reiste Marc i Frankrike, og brukte særleg mykje tid i Paris. Der gjorde han seg kjend med ulike kunstnarkrinsar, og vart mykje tiltala grad av post-impresjonismen og verk av både Vincent van Gogh og Paul Gauguin. I året 1906 var han elles ein tur i Hellas.

Den djupt religiøse Marc såg på kunstnargjerninga som ei i sitt vesen åndeleg sysselsetting. Frå og med året 1910 konsentrerte han seg utelukkande om å avbilde dyr, desillusjonert av den materialismen som han fann korrumperte manneætta. I dyra såg Marc noko som han sakna hos menneska; ein ibuande fagerdom, ei livsglede og noko åndeleg. Dyra var i balanse, meinte han, og han var nyfiken på kor dei oppfatta verda. Marc var velkjend med dyr på fleire måtar, mellom anna hadde han studert dyreanatomi og skaut til inntekta gjennom å undervise i emnet.

Hans fokus på dyr var unik i samtidskunsten. I Marcs tidlege verk dominerer ofte heroiske dyr biletmotivet, men seinare smeltar dei saman med det øvrige landskapet og vert integrert i heilskapsuttrykket i måleriet. Marcs målsetting strekte seg vidare enn enkel dokumentasjon av dyr og deira levemåte; han ville lansere eit system av moralske verdiar, som mangla hos menneska, gjennom å kroppsleggjere dei dygdene han såg hos dyra.

I 1909 flytta Marc til Sindelsdorf i Oberbayern, der han levde med kattane sine, to tamme hjortar og hunden Russi.

Jamsides dyremotiva la Marc stor vekt på farge. Han tilla fargane ulike karakteristikkar, til dømes såg han fargen raud som brutal, tung og eit symbol for materialismen si dominerande stilling. Blåfargen var etter Marc sitt syn maskulin og intellektuell, medan gul stod for ein frisloppen femininitet.

Marc var ein av grunnleggarane av Der Blaue Reiter i München 1911. Han samarbeidde med Vasilij Kandinskij og prøvde utforske fargen sin ekpressive verdi. Denne sysselen med fargen var delvis inspirert av måleri laga av Robert Delaunay, som Marc besøkte i Paris 1912 saman med August Macke. Truleg var den også inspirert av Goethes fargelære. Franz Marc sitt arbeid med fargar i måleria kan elles samanstillast med fauvismen og naivismen. Stilelement frå pointillisme, syntetisme og abstrakst ekspresjonisme prega etter tur arbeida hans.

Franz Marc fall ved Verdun under første verdskrigen.

I 1937 vart verk av han tekne med på den nazistiske kunstutstillinga Entartete Kunst i München.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]